Pelsdyrnæringa si sertifiseringsordning mistar truverd

Onsdag kveld avgjorde Norges Pelsdyralslag at dei ikkje vil ekskludera pelsdyrbonden Jan Gjesdal etter han har blitt meld til politiet av Mattilsynet for vasskjøtsel av både pelsdyr og sauar. — Avgjersla svekkjer på ny tilliten til bransjen, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde, til NRK.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Kjartan Alexander Lunde, leder Rogaland

Foto: NRK Rogaland

Pelsdyr, mink, slåss

Foto: Nettverk for dyrs frihet

I tillegg til politimeldinga frå Mattilsynet har Arbeidstilsynet avdekka uverdige buforhold for arbeidarar på garden til Gjesdal, som er Norges største pelsdyrbonde.

Lunde meiner at dette absolutt burde kvalifisera for ekskludering.

— Dette viser at sertifiseringsordninga som bransjen sjølv har fått i gang er ubrukeleg. Den mistar truverd når så grove overtramp, som er gjort på denne garden ikkje fører til utestenging, seier Lunde til NRK.

Les også: — Legg ned pelsdyrnæringen

— Pelsdyrnæringa har brukt denne sertifiseringsordninga som eit eksempel på at dei tar dyrevelferd på alvor. Men når me tydeleg ser at det ikkje er riktig, er det på tide å få avvikla næringa, seier han.

Venstre vil avvikla statsstøtta til pelsoppdrett og forby næringa.

Les saka hos NRK

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**