I skulebruksplanen var det føreslått å gjere Hjeltnes til ei avdeling under Nye Voss vgs. Dette fekk Venstre stoppa. Skulen blir oppretthalden som eigen skule, i alle høve fram til 2016. – No skal vi setje i gong et prosjekt med føremål å utvide fagtilbodet på skulen, seier gruppeleiar Mona Hellesnes. – Framtida for Hjeltnes ligg i bærekraftig aktivitet. No treng vi ein lokal prosess for å finne ut kva vi kan tilby på Hjeltnes og korleis, seier Hellesnes.
– Vedtaket som var føreslått, ville truleg gjort det meir sannsynleg at skulen blei lagt ned ved neste korsveg. Vi har trua på at vi kan etablere nye utdanningsprogram som gjer at skulen blir verande og har ei framtid, seier Hellesnes.
Grete Line Simonsen har representert Venstre i opplæringsutvalet. Ho er godt nøgd med vedtaket. – I staden for å midlertidig ta vare på Hjeltnes, vil vi utvikle eit fagleg grunnlag for ein framtidsretta skule.