Pedagogar for dei som treng det mest!

Stadig fleire elevar som treng støtte eller spesielt tilrettelagd undervisning blir underviste av assistentar utan godkjend lærarutdanning. Sogn og Fjordane Venstre er motstandarar av å la undervisninga av desse elevane bli ein salderingspost.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

På tre år har talet på assistenttimar i spesialundervisninga auka med 70 %, medan tal lærartimar har auka med berre 4 %. Når vi veit at talet på elevar som får støtteundervisning aukar, er det grunn til å tru at svært mange elevar som har rett på spesielt tilrettelagd undervisning får denne av ufaglærte lærarar.

Dei fagleg svakaste elevane treng lærarar som er kvalifiserte til å ta seg av desse.
Sogn og Fjordane Venstre er positive til å inkludere andre yrkessgrupper i skulen, men alle som er i skulen må gjere ein jobb dei er utdanna for. Slik kan dei saman gje alle elevar den støtta dei treng for å meistre skulekvardagen. Det er avgjerande viktig at det er pedagogar som har ansvaret for å ta seg av undervisninga av dei elevane som treng spesielt tilrettelagd undervisning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**