Aure og Mork rehabiliteringssenter må bestå og Barnehabiliteringstjenesten må sikrast

Aure og Mork rehabiliteringssenter behandlar årleg fleire hundre pasientar frå heile fylket, og har gjennom mange år bygd opp ei unik kompetanse. Møre og Romsdal Venstre meiner at dette tilbodet må bestå.
Barnehabiliteringstjenesta i Helse Møre og Romsdal må ved pågåande omorganisering sikre eit tilbod som gjev akseptabel reiseavstand for denne pasientgruppa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Politisk uttalelse vedtatt på Årsmøtet 2013:

Aure og Mork rehabiliteringssenter må bestå og Barnehabiliteringstjenesten må sikrast

Møre og Romsdal Venstre er sterkt uroa over forslag frå helseføretaket om nedlegging av Aure rehabiliteringssenter og reduksjon av plassar ved Mork rehabiliteringssenter. Dette vil svekke tilbodet til pasientar som treng denne tenesta.

Rehabilitering skjer i mange tilfelle best der pasienten bur og det vil vere rett å byggje opp ei god teneste i kommunane. Men vi må oppretthalde dei spesialiserte tenestene. Å flytte tenestene til sjukehusa vil i praksis oppløyse dei sterke tverrfaglege miljøa vi har i dag, og dei vil ta lang tid å bygge opp att. Det vil også vere ei meir kostbar løysing.

Aure og Mork rehabiliteringssenter behandlar årleg fleire hundre pasientar frå heile fylket, og har gjennom mange år bygd opp ei unik kompetanse. Møre og Romsdal Venstre meiner at dette tilbodet må bestå.

Barnehabiliteringstjenesta i Helse Møre og Romsdal må ved pågåande omorganisering sikrast eit tilbod som gjev akseptabel reiseavstand for denne pasientgruppa. Tilbodet må for framtida ha ressursar med kompetanse som sikrar tverrfagleg medisinsk, pedagogisk og psykologisk behandling. Det må tas omsyn til at barna det gjeld og deira familiar har ein praktisk kvardag som gjer det vanskelig med lang reiseveg til sjukehus. Likeins er det heilt avgjerande at spesialisthelsetjenesta har nær kontakt med heimkommunane til det enkelte barn for å sikre eit optimalt resultat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**