Årsmøte i Telemark Venstre

Bø Venstre hadde seks utsendingar til årsmøtet i Telemark Venstre 9.-10. februar 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Årsmeldinga for 2012 viser at Venstre i Telemark har auka medlemstal og aktivitet i 2012. Hovudfokus på årsmøtet var det komande stortingsvalet med behandling av fylkesprogram og utkast til stortingsvalprogram. I tillegg fekk vi eit interessant foredrag om tettstadutvikling v/ Michael Fuller-Gee.

Det var ei optimistisk forsamling som lada opp til ein spennande valkamp. Målet er klart: Eit godt val for Venstre og Torgeir Fossli frå Telemark på tinget!

Frå Bø blei Ingebjørg Nordbø og Olav Kasland valde som utsendingar til landsmøtet. I valkomiteen for neste årsmøte er Bergit Myrjord og Olav Kasland valde inn.

Årsmøtet vedtok desse resolusjonane:
Vern av Lofoten
Venstres veg til ein betre kvardag
En verdig asylpolitikk — arbeid som menneskerettighet
Den beste skolen
Reduser vegsaltinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**