Årsmelding for Askvoll Venstre 2012

.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Vakampturne i Sogn og Fjordane

Styret har vore samansett slik:

Leiar: Gunnar Osland
Nestleiar: Renate Berg
Styremedlem: Gunhild Berge Stang
Styremedlem: Linda Ness Rotihaug (sekretær/netverkansv.)
Styremedlem: Jostein Grane (kasserer)

Varamedlemmer: 1. Ove Nesberg
2. Bjørn Arne Mjåseth
3. Malvin Grepstad

Revisor: Sissel Hestad Vie

Valnemd: Arnljot Berge Stang, leiar
Kåre Haugen

Aktivitet:
Årsmøtet vart halde på Askvoll rådhus søndag 22 januar.
Det møtte 10 medlemmer.
Det har vore 2 styremøte, 8 medlemsmøte og1 nominasjonsmøte.

Utsendingar til fylkesårsmøte i Sogndal 11.-12 februar var Gunnar Osland, Turid Mattevik, Ove Nesberg og Malvin Grepstad.

Lokalpolitisk nettverk (LNP). Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre hadde felles samling i Bergen 24.-25. mars. Her møtte Gunnar Osland, Gunnhild Berge Stang og Linda N. Rotihaug.

Folkemøte: Lokallaget har vore representert på alle folkemøte som har vore i kommunen, Dette er møte ang. omstilling, komunedelplaner,industriutvikling.

På nominasjonsmøte til stortingsvalet 2013 i Førde 3. oktober møtte: Bjørn Arne Mjåseth, Gunnar Osland, Renate Berg og Arnljot Berge Stang. Her vart Gunhild Berge Stang valt til kandidat nr: 2

Lokallaget hadde sosial samling i Værlandet 6 oktober, diverre var det få av medlemmane som kunne vere med denne dagen.

Venstre sentralt hadde to nasjonale kampanjar i 2012; Velferdskampanje "Open omsorg" og skulekampanje "Lærerikt. Askvoll Venstre deltok på begge kampanjane.

I forbindelse med velferdskampanjen "operasjon omsorg", vitja Renate Berg og Gunnar Osland Askvollheimen der det vart stilt ulike spørsmål til komunalsjef Anne Lise Andersen, svara vart sendt inn til Venstre sentralt.

Renate Berg vitja Gjelsvik skule under skulekampanjen. Rektor Siv Flatjord svarte på spørsmål og svara vart sendt inn til Venstre sentralt.

I samband med velferdskampanjen, var det berre to lokallag frå Sogn og Fjordane som deltok – det var Flora og Askvoll. Fylkesstyret sendte blomsterhelsing til deltakarane som takk for innsatsen.

Kommunestyregruppa har jobba bra, og har fått gjennomslag for ein del av Venstre sine saker, i tillegg har dei markert seg godt med Venstre sin politikk.

Samarbeidet med KRF som vart oppretta etter sist val fungerer svært godt.

Viktige saker som Venstre har fremja og fått fleirtal for i kommunestyre er Budsjett 2012, her hadde Venstre eige framlegg , her fekk vi blant anna inn auka oppningstid i barnhage, vi fekk sett av pengar som skal gå til planarbeid Atløysambandet, dette fekk vi og videreført i 2013.
I sak om kommune samanslåing i " HAFS" fekk Venstre fleirtal for sitt framlegg, dette gjekk ut på att Askvoll måtte gå breiare ut og invitere dei andre nærliggande kommunane til å vere med på å utrede fleire alternativ.

Kommunestyre gruppa har vore opptatt av att vi skal gi innbyggjarane det tenestetilbudet dei har krav på.

Vi hadde som mål at Venstre skulle ha eit medlem i omstillingsstyret. Begge Venstre sine representanter i komite for " næring, miljø og teknikk " var spurt, men av arbeidskapasitet takka dei nei. (Styremedlem skulle vere frå denne komiteen)

Lokallaget hadde bestemt at det skulle arrangerast ein temadag. Dagen og tema , som var Kystvegen var bestemt, men av ulike årsaker måtte dette utsettast. Dette vert satt oppatt tidleg i 2013 .

Askvoll Venstre har 36 betalande medlemmer pr. 31.12.2012 . Det er ein nedgang frå året før då det var 39. Registrerte medlemmer er 44. Det er på slutten av året blitt tatt direkte kontakt med dei som ikkje har betalt kontingent. Vi har tru på att ein del er desse er tilbake som betalande medlemmer neste år.

Representasjon:

Kommunestyregruppa: Gunnar Osland Bjørn Arne Mjåseth, Renate Berg, Turid Mattevik og Inger Lise Saltskår.
Gruppeleiar er Gunnar Osland.

Formannskapet: Bjørn Arne Mjåseth er fast medlem. Her har Venstre og Krf samarbeid. Gunnar Osland er 1.vara i denne konstellasjonen.

Komité for oppvekst, omsorg, helse og kultur:
Medlem: Bjørn Arne Mjåseth og Renate Berg:

Komité for plan og økonomi:
Medlem: Inger Lise Saltskår.

Komité for næring, miljø og teknikk:
Leiar: Gunnar Osland.
Medlem: Turid Mattevik.

Sogn og Fjordane Venstre:
Gunhild Berge Stang er styremedlem.
Gunnar Osland er vara til fylkestinget. Han er i tillegg vara i Hovudutval for plan og næring.

Linda N. Rotihaug er tilsett som fylkessekretær.

Gunnhild Berge Stang er 2. kandidat på stortingslista til valget 2013.

Styret i Askvoll Venstre , 9. januar 2013

Leiar Gunnar Osland Renate Berg Jostein Grane
sign. sign. sign.

Gunhild Berge Stang Linda Ness Rotihaug
Sign. Sign.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**