Alle har me ansvar for at livsvilkåra og miljøet ikkje blir belasta over toleevna. Som konsumentar og forbrukarar kan me minske dei negative konsekvensane av det moderne levesettet.
Ein stor del av maten me kjøper blir kasta. I ei verd der mange svelt, burde me utnytte matvarene og ikkje påføre miljøet den belastninga det er at ein stor del av maten blir samla inn som avfall til vidarebehandling. Den altfor strenge datomerkinga fører til at mykje blir kasta både av butikkar og i heimane. Venstre meiner at ordninga med datostempling må bli nøye gjennomgått og endrast for å minske den sløsinga me er vitne til i dag.
Varemerkinga bør også inkludere faktiske klima- og miljøkostnader.
Som forbrukarar bør me vere medvitne om at varene er mest mogeleg miløvennlege og spørje etter miljømerkte varer. .
I Noreg er me på grunn av den spreidde busetnaden avhengige av bil. Men for mange av oss er sykkel og kollektivtrafikk eit bra alternativ. Gang- og sykkelvegane fortener å bli brukte. For lokalmiljøet er det bra at me syklar. Det er og store helsefordelar ved å vere meir fysisk aktiv.
Venstre vil gjennom miljøkampanjen sin vise at alle kan bidra til eit betre miljø med eigne tiltak. Også din innsats nyttar!