Reduser vegsaltinga!

Resolusjon vedtatt på Telemark Venstres årsmøte 10.02.2013:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Nasjonal turistvei - Riksvei 13

Det viser seg at salting av vegar har svært uheldige konsekvensar. Saltet har øydeleggjande verknad på jord, planter og drikkevatn, i tillegg kjem skader på bilar, utstyr og materiell.
Å bruke salt som støvbindingsmiddel i sommarhalvåret har sjølvsagt same negative verknader med ureining av grunnvatn, matjord og planteliv.

Når ein no er klar over alle negative langtidseffektar, er det på høg tid å redusere bruken av salt på vegane. Vinterstid er bruk av oppvarma sand eit godt alternativ gjerne kombinert med høvling. At ein dertil må tilpasse farten etter vegstandard og føreforhold, vil alltid gjelde.

Forsøk og forsking vil kunne vise veg til ein betre praksis for både natur, helse og miljø.
Naturmangfaldslova kan vera eit verkemiddel for å redusere vegsaltinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**