– Nye krefter og betre løysingar

– Hovudproblemet med regjeringa er at dei har store pengar, men små tankar. Den raudgrøne regjeringa har dratt oss gjennom åtte tapte år for Noreg. Åtte tapte år for høgare utdanning og forsking, åtte tapte år for å skape framtidas grøne energinæring, sa stortingskandidat Rotevatn til årsmøtet i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 - Vi kan ikkje øydeleggje naturen vår. Om vi snakkar om giftdumping i Førdefjorden (biletet), eller oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen, er situasjonen den same, seier Rotevatn.

– Vi kan ikkje øydeleggje naturen vår. Om vi snakkar om giftdumping i Førdefjorden (biletet), eller oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen, er situasjonen den same, seier Rotevatn.
Foto: Naustdal Venstre

15 fylkeslag i Venstre heldt årsmøte denne helga. Stortingskandidat og leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, talte til forsamlinga i Sogn og Fjordane.

 - Vårt fokus er kvalitet, kvalitet, kvalitet. Difor går vi til val på eit lærarløft, der målet er at læraryrket skal vere staden der alle dei smartaste hovuda søkjer.

– Vårt fokus er kvalitet, kvalitet, kvalitet. Difor går vi til val på eit lærarløft, der målet er at læraryrket skal vere staden der alle dei smartaste hovuda søkjer.
Foto: Silje England

Uredd røyst
– Eg håpar eg får sjansen til å representere dette fylket på Stortinget frå hausten av. For fylket vårt treng nye krefter på Stortinget, og landet vårt treng nye krefter i regjeringskontora. Det er langt fram, og vi har frykteleg dårleg tid. Arbeidet startar no, innleia han.

– Det er på høg tid at vi, som toppar dei fleste statistikkar for livskvalitet, som har landets beste skule, og som eksporterer for nesten ein halv million kroner per arbeidstakar viser at vi er eit fylke ein må rekne med. Det er meir enn nok av backbencharar og stemmekveg på Stortinget. Eg ser ingen grunn til at Sogn og Fjordane skal vere halde fram som storleverandør av dei. Tvert imot, dersom eg får tillit frå veljarane i dette fylket lovar eg å vere eit tydeleg og uredd røyst, både i stortingssalen, i partet og i media. Ein politikar som folk i fylket kjenner til, respekterer og stolar på.

– Det viktigaste først
– Det er uendeleg med gode føremål i skulen. Og de kjem til å høyre mykje om dei fram mot valet. Gratis skulemat, meir gym, idrett og kultur, SFO for alle. Gode føremål kvar for seg, men summen blir heildagsskulen. Det er ikkje Venstre sitt mål. Vi trur ikkje at ein middelmådig film blir betre av å gjere den to timar lenger.

– Vårt fokus er kvalitet, kvalitet, kvalitet. Difor går vi til val på eit lærarløft, der målet er at læraryrket skal vere staden der alle dei smartaste hovuda søkjer. Det handlar om å gjere om lærarutdanning til ei mastergrad. Det handlar om mindre byråkrati og større pedagogisk fridom til den enkelte lærar, slik at undervisninga kan tilpassast den enkelte elev og den enkelte klassa. Og det handlar om å sikre etter- og vidareutdanning for alle, samstundes som det er mogleg å gjere karriere som lærar, med lønsmessig og fagleg utvikling. Venstre set eleven først, difor satsar vi på læraren.

Sats på ei grøn framtid
– Ein annan ting vi ikkje bør gjere, er å la ikkje-fornybare næringsinteresser øydeleggje naturen vår. Om vi snakkar om giftdumping i Førdefjorden, eller oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen, er situasjonen den same. Arbeidarpartiet, Høgre og Frp let seg styre av store marknadsaktørar og interesseorganisasjonar. Venstre let seg styre av omsynet til komande generasjonar. Dei siste vekene har det gått ein hard debatt om oljeboring i nokre av våre vakraste og viktigaste havområde. Lofoten og Vesterålen er heim for verdas største gjenverande torskebestand. Seismikkskyting og oljeutslepp i dette området er å gamble med vår og verdas viktigaste ressurs. Det er ikkje olje. Det er mat.

Trykk hender
Rotevatn slo fast at han håper på ei regjering som satsar på kunnskap og ei grøn framtid.

– Denne regjeringa kan vi få, folkens. Men det er berre éin måte det kan skje på. Det er ikkje ved at Trine Skei Grande gjer fantastiske TV-debattar, eller at vi trykker opp endå fleire glinsande brosjyrar. Det er ved at de får vener, familie og kollegaer til å stemme på Venstre. Val vert vunne ei stemme av gongen. Kvart handtrykk tél. Og eg som stortingskandidat er heilt avhengig av at hundrevis av venstrefolk i Sogn og Fjordane går rundt i sine lokalsamfunn med venstrepin, med sjølvtillit og med stoltheit over å vere medlemmar i Noregs eldste parti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**