Fylkesårsmøte 2013 i Kristiansund

Gruppeleiar Kristian Stråmyr (19) og styremedlem Malin Storholt (17) representerte Haram Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Fylkesårsmøtet gjekk føre seg 9-10. februar på Rica Hotell Kristiansund.

Malin Storholt

Malin Storholt

Haram Venstre sine representantar gjorde ein framifrå jobb med å fremje lokallaget sine interesser gjennom ein rekkje større og mindre politiske vedtak. Årsmøtet har vore veldig viktig med tanke på nettverksknytting og gitt dei to unge representantane rikleg med erfaringar. Malin Storholt deltok på sitt første årsmøte for Venstre på fylkesnivå, og tykkjer at det var ei lærerik og spanande hending.
-Eg har lært mykje, og blei klarare på kva Venstre står for, noko som er ein fordel når ein skal reklamere for Venstre framimot Stortingsvalet, sa Storholt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**