Søknaden frå Norsk gjenvinning industri AS om å få sleppe ut radioaktivt avfall i Fensfjorden vert i utgangspunktet avgjort av Statens strålevern, men miljøverndepartementet har fullt høve til å gripe inn og seie nei til radioaktivt utslepp i ein allereie tungt belasta Fensfjord. Samstundes må ein erkjenne at slike utslepp i tillegg til å forringe miljøet og livet i og rundt fjordsystemet vil skade omdømmet til nordhordlandsregionen – både når det gjeld kvalitet på fisk, som vil ramme dei marine næringane, og Nordhordland som oppvekstområde, turistmål og reiselivsnæring. Føre var-prinsippet og omsynet til folks tryggleikskjensle er avgjerande for Hordaland Venstre, som set folk først. Samstundes må ein erkjenne at slike utslepp også skadar omdømet til Nordhordlandsregionen både når det gjeld kvalitet på fisk, noko som råkar dei marine næringane, og når det gjeld Nordhordland som turistmål og reiselivsnæringa.
Fråsegna vart vedteke på Hordaland Venstre sitt årsmøte 9. februar 2013