Fråsegn: Reduksjon i arbeidsgjevaravgifta gir fleire arbeidsplassar

Hordaland Venstre ynskjer eit skatte- og avgiftssystem som legg til rette for nyskaping, arbeid og meir miljøvenleg åtferd. Difor ynskjer Hordaland Venstre eit skatteskifte der me vrir skatte- og avgiftssystemet frå raud til grøn skatt, dvs. at me legg opp til auka miljøavgifter og ein kompensasjon for dette gjennom redusert skatt på arbeid og investeringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


4 av 5 Virke-bedrifter (tidlegare Handels- og servicenæringas Hovudorganisasjon) gav i 2009 uttrykk for at ein reduksjon på mellom 2 — 2,5 % i arbeidsgjevaravgifta ville gjera det lettare å halda folk i arbeid. Også frå universitetshald, vert det sagt at det største effektivitetstapet for både arbeidstakar og arbeidsgjevar, ligg i skattlegginga av inntekt og arbeidsgjevaravgift.

Penger

Foto: hl

Hordaland Venstre er derfor prinsipielt positive til ein reduksjon i arbeidsgjevaravgifta; og Venstre meiner at bedrifter må sleppa arbeidsgjevaravgift for lærlingar.
I første omgang meiner Hordaland Venstre det må gjerast ei nærare vurdering av grunnlaget for arbeidsgjevaravgiftssatsane i kommunane. Pr. i dag varierer satsane i Hordaland frå 10,6 % til 14,1 %. Avgiftssatsane bør sjåast meir ut ifrå ein regional samanheng.

Hordaland Venstre vil leggja til rette for vidare nyskaping og verdiskaping, og håpar at ei evaluering av arbeidsgjevaravgiftssatsane vil kunna gje eit rettvist bilete av høva i kommunane.

Difor vil Hordaland Venstre:
Ha ei uavhengig evaluering av dagens modell for arbeidsgjevaravgift
Harmonisera nivået for fastsetjing av arbeidsgjevaravgifta gjennom å fokusera meir på regionar, og mindre på den einskilde kommune
I samband med eit framtidig skatteskifte, ynskjer Venstre å flata ut og redusera arbeidsgjevaravgiftssatsane

Fråsegna vart vedteke på Hordaland Venstre sittt årsmøte 9. februar 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**