GRUNNGJEVE SPØRSMÅL TIL ORDFØRAREN

Kristian Stråmyr (V) stiller grunngjeve spørsmål til Ordføraren om gjødsling i kommunestyret torsdag 7 februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Kristian Stråmyr

Foto: NN

Jf. «forskrift av 4. juli 2003 om gjødselvarer m.v. av organisk opphav» kan spreiing av husdyrgjødsel på eng og anna grøde utan nedmolding/nedfelling ikkje skje etter 1. september med mindre anna er bestemt av kommunen i lokal forskrift. Haram Venstre er merksam på at det per dags dato ikkje er fastsett ei slik lokal forskrift for spreiing av husdyrgjødsel i vår kommune. Dette har ført til at unødvendig mange bønder må søke om dispensasjon frå kommunen kvart einaste år. Dette er ei tungvint ordning for både kommunen og for bøndene, og sidan dei klimatiske forholda gjev grunnlag for å utvide fristen for spreiing vil Haram Venstre fremje eit slikt framlegg. Når Sunnmørs kommunane Ålesund, Skodje, Sula, Stordal og Ørskog med fleire har sett spreiingsfristen til 20. september utan dispensasjon, så bør Haram òg ha den same fristen. Vi vil poengtere viktigheita av å forenkle regelverket slik at bøndene kan fokusere på gardsdrift, og ikkje bli papirflyttarar. Vi i Haram Venstre vil derfor spørje Ordføraren om det kan takast opp sak i kommunestyret for å vedta ei slik forskrift for å hindre at det blir naudsynt å søke dispensasjon for så mange i 2013 òg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**