Utover vedlikehaldsarbeid er det i statsbudsjettet 2013 sett av kr 50 mill. til Bergensbanen. Løyvinga er oppstartsmidlar for dobbeltspor gjennom Ulriken, eit prosjekt til 3,2 milliardar.
Dei tre viktigaste enkeltprosjekta for å få redusera reisetida monaleg er nemnde dobbeltspor gjennom Ulriken, dobbeltspor Arna – Voss, og Ringeriksbanen. I samband med handsaminga av statsbudsjettet føreslo Venstre:
Kr 175 mill. til Ulrikentunellen.
Kr 25 mill. til detaljplanlegginga av Vossabanen (konseptutvalsutgreiinga vert ferdig i år, for ikkje å tapa tid, vil me starta prosjekteringa med ei gong).
Kr 3 Mrd til oppstart av "Intercity AS" (prosjektorganisering og finansiering). Ringeriksbanen er inkludert i Intercity utbygginga.
Venstre vil prosjektfinansiera store samferdsleanlegg ved hjelp av statsobligasjonar. Slik sikrar me fullfinansiering av heile prosjektet, og at privat kapital som søkjer investeringsobjekt, går til viktige fellesskapsoppgåver.
Folkestad etterlyser felles initiativ frå Hordalandskandidatane for at dei saman jobbar for Bergensbanen. Eit ønskje Venstre deler og skal gjera vårt for å bidra til.
Terje Breivik
1. kandidat til Stortinget, Hordaland Venstre