Trine Skei Grande kjem til Jølster

22. juli 2011 var Trine Skei Grande på kunst- og kulturreise i Jølster i lag med lokallagsleiar Vigdis Tonning. Turen var komme til Ålhus, med Eikaasgalleriet og Øvrebø Smykkeverkstad, då Venstreleiaren fekk telefon om bomba i Oslo. Turen vart avbroten og på veg til Florø for flytransport til Oslo begynte det å komme meldingar om det som skjedde på Utøya. Ein dag som skulle vere interessant og artig enda som eit frykteleg minne om at kampen for demokratiet må kjempast kvar einaste dag. Kommande fredag kjem Trine Skei Grande til Jølster for å fullføre reisa. Deltakarar på turen vert m.a. også stortingskandidat Sveinung Rotevatn og fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande

Kl 10.32; Trine landar på Anda lufthamn

Kl 11.15; Besøk hos Elsa Norunn Håheim Nydal på Håheim

Kl 12.15; Omvising på Jølster Bakst på Søgnesand

Kl 13.00; Lunsj, video, pressebilder og evnt aktivitet på Lunde Turiststasjon

Kl 14.45; Omvising på Jølster Design på Myklebust

Kl 15.45 Omvisning og prøveproduksjon? av keramikk hos Kari Astrup Geelmuyden

Kl 16.30 Retur til Skei Hotell og litt kvile

Kl 17.30 Tale til Venstrefolk på Skei Hotell

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**