Midsund Venstre hadde årsmøte på Kroa onsdag 30. januar. Det var stort sett vanlege årsmøtesaker på dagsorden, desse første til svært lite dramatikk. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, heile styret vart attvalde og kontingenten vart ikkje endra. Bjørn hadde avtalt med Pål Farstad, førstekandidaten på Møre og Romsdal si liste til stortingsvalet, at han skulle ta turen til Midsund og besøke lokallaget. Pål orienterte både om sin eigen bakgrunn og sine interessefelt, vi hadde også ein diskusjon om den kommande valkampen. Pål er ein av få verkelege «kystrepresentantar» Møre og Romsdal kan få inn på Løvebakken til hausten. Midsund Venstre tek difor sikte på å få Pål til Midsund minst ein gong i løpet av sommaren for å gjere midsundingane merksame på kven han er, slik at dei veit kven dei bør stemme på i september.
Årsmøte Midsund Venstre
Vi hadde besøk av listetopp Pål Farstad på årsmøtet sist onsdag.