Regional kulturmelding for Nord-Østerdal

Årsmøtet i Alvdal Venstre meiner tida er inne for ei regional kulturmelding for Nord-Østerdal. Etter framlegg frå Live Stokstad vedtok årsmøtet følgjande fråsegn:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


For marknadsføringa sin del, men og for å bevisstgjere oss sjølve på kva kulturtilbod som finst i regionen, meiner Alvdal Venstre vi må få på plass ei kulturmelding som samanfattar og viser veg. Eit slikt arbeid vil og kunne gje betre samhandling og koordinering av kulturaktivitetane, slik at ein unngår kollisjonar, og gjere heile breidda i kulturlivet synleg, både offentlege tilbod og privat innsats. Kanskje kan vi få meir kultur ut av innsatsen, menneskeleg og materielt, som er til disposisjon? Kulturbygging er samfunnsbygging! Ei regional kulturmelding kan vere verktøyet som trengst for å få til ein samla innsats for kulturelle fyrtårn i regionen – som Tynset kulturhus, Dølmotunet, Aukrustsenteret, Nord-Østerdalsmuseet, Nord-Østerdal Musiker, Nord-Østerdal Symfoniorkester, Livestock-festivalen og alle dei ulike spela og «dagane» i regionen. Og meldinga kan vere til inspirasjon for alle nord-østerdøler som arbeider med kultur i vid forstand — og det er mange!

 Husantunet i Alvdal

Husantunet i Alvdal
Foto: Wikipedia

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**