Stort sett heile styret hadde sagt seg villig til attval. Dvs. at Knut Olav Nestås held fram som leiar. Han har med seg i styret Anne-Jorunn Ryum Møen, Jostein Vandaskog, Jorunn Ytrefjord, Hilde Klette og Gaute Klyve (Unge Venstre). Torstein Gunnarson gjekk ut av styret, men har som gruppeleiar i kommunestyregruppa høve til å møta i styremøta. Vararepr. til styret er Bjarne Rene, Leif Helge Vevatne og Margunn Torget Østrem.
Årsmeldinga fortalde elles om eit jamt og bra arbeidsår. Representantar for laget har deltatt på fleire samlingar og kurs haldne av fylkeslaget eller Noregs Venstre. Økonomien er under kontroll. Årsmøtet sa seg godt fornøgd med arbeid og markeringar i 2012 i kommunestyre og i kommunale utval.
Det meste av årsmøtet gjekk til drøfting av aktuelle politiske saker, og særleg då emne som fylkesårsmøtet burde uttala seg om. Her føreslo møtet fråsegner om samhandlingsreforma, bustadpolitikk, studiefinansiering og arbeidsgjevaravgift. TG