Om ein ynskjer å lesa årsmelding og årsmøtereferat i .pdf så kan ein gjere det her. Då treng ein .pdf lesar, som til dømes Acrobat Reader eller nettlesaren Chrome.
– Stord Venstres årsmøtereferat
– Stord Venstres årsmelding 2012
Årsmelding Stord Venstre 2012
I 2012 har desse vore i styret;
Leiar Håkon Frode Særsten
Nestleiar Jorunn Fylkesnes
Kasserar Kåre Løkhammer
Sekretær Geir Angeltveit
Styremedlem Astrid Larsen og Harald Nes
Varamedlem Bjørn Solvoll og Odd Stuve Rommetveit
Revisor Else-Berit Helle og Lilly Skaar.
Valnemd Else-Berit Helle, Peggy Husevik Bærøy, Geir Angeltveit og Ove Steinsland.
Organisasjonen
Stord Venstre har per 01.01.13 31 betalande medlem. På same tidspunkt 2011 hadde Stord Venstre 26 medlem, mot 25 i 2010. Det visar ein medlemsvekst på 5 dette året. Stord Venstre har eit stort potensiale til å auka sitt medlemstal vidare.
Kommunestyregruppa
Dette året har Håkon Frode Særsten og Geir Angeltveit vore faste medlem i kommunestyregruppa, og Jorunn Fylkesnes og Odd Stuve Rommetveit har møtt som vara til tider.
I formannsskapet har Håkon Frode Særsten møtt fast med Geir Angeltveit som vara. HFS har mått i komite for næring og miljø som fast. Geir Angeltveit har møtt fast i komite for oppvekst og utdanning. Jorunn Fylkesnes har møtt fast i komite for rehabilitering, helse og omsorg. Odd Stuve Rommetveit har vore vara til forvaltningsstyret, Geir Angeltveit har vore vara til eldrerådet. Peggy Husevik Bærøy har vore fast i kontrollutvalet. Astrid Larsen har vore leiar av Friluftsrådet.
Håkon Frode Særsten, Geir Angeltveit, Peggy Husevis Bærøy og Harald nes møtte på nominasjonsmøtet. Geir Angeltveit, Håkon Frode Særsten, Bjørn Solvoll og Odd Stuve Rommetveit har deltatt på fylkesårsmøtet i februar i Bergen.
Geir Angeltveit har vore fast medlem av fylkesstyret i Hordaland og har reist på landsmøtet i april i Bærum og var på landskonferansen i November i Oslo.
Stord Venstre har i 2012 auka sin aktivitet eksepsjonelt. Frå å ha eit gruppemøte før komitémøte-vekene har Stord Venstre også byrja med opne styremøter før kommunestyremøta. Og desse møta har vore felles når dette har vore aktuelt.
Kommunestyregruppa har vore del av ein koalisjon som har måtta tatt vanskelege val. Siste kontroversielle sak har vore innføringa av eigedomsskatt ifm. budsjettet for 2013. Noko leiar tidlegare har vore ute og ytra seg mot. Den økonomiske stoda i kommunen er slik at ein må ta i bruk alle mogelege middel.
Stord Venstre har vore ein aktiv deltakar i kommunestyret og på mange viktige saker. Av viktige saker som har vist seg gjeldande dette året er mellom anna nytt reinseanlegg for kloakk og spillvatn, der me gjekk for ei utsetjing. Ein halv milliard i avgift til innbyggjarane bør vurderast skikkeleg før det vert fatta vedtak. Særskild då ein ynskjer å plassera dette ved eit naturreservat, samt at dei miljømessige fordelane ved prosjektet var tvilsame. Vedk. saka om Litlabø Skule vart det bestemt at dette skulle sjåast i samanheng med revidering av skulebruksplanen. Den skulle vera klar i september, men har vorte utsett til 2013. Venstre jobba også ekstra hardt for at ein skulle kjøpa Ådland Studentheim, der ein kunne samla administrasjon i heimebaserte tenester osb. Her viste det seg i løpet av året at selskapet som undersøkte bygget for om det var kvalifisert eller ei har gjort ein stor feil, og det har vist seg i etterkant at dette bygget ikkje kan nyttast til føremålet. Dette kan ikkje politikarar eller administrasjon klandrast for, men selskapet Akvator som gjennomførte denne undersøkinga før kjøp. Dette vil mogelegvis enda opp i ei erstatningssak.
Stord Venstre har og jobba for førebygging i skule og helsetilbodet til barn og unge. Ved dei stramme budsjettforhandlingane som vart gjennomført har Venstre vore med på ei styrking av førebyggande helse. Den har ikkje vore styrka på mange år. Det treng framleis meir her. Venstre har og vore med på å sikra vidare sosiallærarar i skulen, som er viktige for å oppretthalda det psyko-sosiale miljøet i stordskulen.
Stord Venstre i media
I 2012 har Stord Venstre vore svært hyppige og tydelege i media. Med redaksjonelle oppslag, kommentarar og lesarbrev. Vedlagt ligg ei oversikt over artiklar og lesarbrev med opphav frå Venstre. Utover denne lista så har Venstre vore med mange kommentarar i andre sakar, bilete frå møter osb.
Stord Venstre i media
For djupare oversikt over sakene, gå her.
I 2012 har Stord Venstre vore svært hyppige og tydelege i media. Med redaksjonelle oppslag, kommentarar og lesarbrev. Vedlagt ligg ei oversikt over artiklar og lesarbrev med opphav frå Venstre. Utover denne lista så har Venstre vore med mange kommentarar i andre sakar, bilete frå møter osb.
Redaksjonelle oppslag;
Sunnhordland s. 6-7 24. Februar Håkon Frode Særsten.
Oppslag om at ein ynskjer å avventa ei evt. nedlegging av Litlabø Skule til etter at ein revidert skulebruksplan vert føreliggjande.
Sunnhordland s. 5 23. mars Geir Angeltveit
Denne saka kom etter kommunestyremøtet den 22. mars då ein handsama alkoholpolitiske retningsliner. Angeltveit ynskte å utvida opningstidene til det statlege maksimale, samt å fjerna nokre punkt som var overflødige og vera til hinder for utelivsbransjen. Fekk ikkje medhald i desse sakene. Relativistisk positiv eller negativ.
Sunnhordland s. 5 26. mars Geir Angeltveit «Han vil opna dørene».
Denne saken baserte seg på kontrollkomiteen som held sine sjølv-kontrollar bak lukka dører og med hovudregel om lukka dører. Dette oppslaget kom på bakgrunn av Angeltveit sin interpellasjon i kommunestyret vedk. openheitsplakat og openheitsindeks tidlegare. Svært positivt oppslag.
Sunnhordland s. 8 23. april Prøvenominasjonsmøte.
Stord Venstre var vert for det fyrste prøvenominasjonsmøtet i Hordaland Venstre. Det var godt oppmøte og eit flott og positivt oppslag i avisa. Terje Breivik viste kvalitet.
Sunnhordland s. 1-3 2. mai Geir Angeltveit.
Geir Angeltveit er i avisa «saman» med ein ungdomsskuleelev som tar fag ved den vidaregåande skulen i mattematikk. Angeltveit frontar at ein bør utvida dette tilbodet til fleire elevar. Svært bra oppslag med svært mange positive tilbakemeldingar.
Sunnhordland s. 5 12. juni Geir Angeltveit.
Angeltveit var i avisa i samband med Helse Fonna sin plan for rus og psykisk helsevern framover. Denne planen føreslo å leggja ned døgntilbodet ved Barne- og ungdomspsykiatrien Stord/Kvinnherad. Protesten i avisa her og i Bergens Tidene (legane ved BUP) medførte at vedtaket om planen vart utsett. Opphavleg var høyringsfristen på 3(!!) dagar.
Sunnhordland s. 6-7 13. august Geir Angeltveit.
Det hadde vore mange flotte saker i avisa ang. Sykkel og den kommande sykkelby-avtalen som Stord signerte i kommunestyremøtet (20.12.12). Som glad syklist inviterte Angeltveit med seg Sunnhordland-journalist Anita Haugland på ein liten tur gjennom bykjerna på Leirvik på jakt etter sykkelstativ. Det var ikkje så veldig mange å finna. Ei enkel sak i sumar og som me vert å følgja opp på vårparten.
Sunnhordland s. 8 1. november Geir Angeltveit.
Ei oppfølging på saka frå juni der Helse Fonna-styret no har fått tilbake høyringssvar og skal igjen handsama plan for rus og psykisk helsevern i Helse Fonna-regionen. Angeltveit reagerar kraftig på at Helse Fonna-styret ikkje har tatt noko omsyn til høyringssvara som har kome inn, og feiltolka desse. Samt at «endringane» i planen er av kosmetisk art. Enderesultatet på dette var at Helse Fonna uansett la ned døgntilbodet ved barne- og ungdomspsykiatrien Stord/Kvinnherad.
Lesarbrev 2013:
For å lesa desse lesarbreva, trykk her.
Sunnhordland s. 4 23. Januar Årsmøtefråsegn.
«Trygg og sikker E39.» Ei fråsegn vedtatt på Stord Venstres årsmøte der ein går inn for korleis E39 bør vera i framtida, at ein bør tenka på tryggleik i tillegg til traséval.
Sunnhordland s. 4 16. Februar Geir Angeltveit.
«Openheit skapar tillit.» Eit lesarbrev som kom i samanheng med Venstres openheitskampanje, openheitsplakaten og interpellasjonane medhøyrande denne. Om innsyn i offentlege prosessar og Stords rangering på Norsk Presseforbunds openhetsindeks.
Sunnhordland s. 4 26. Mars Geir Angeltveit.
«Moderne Bistandspolitikk.» Fråsegn om moderne bistandspolitikk og mikrofinans særskild. Som seinare vart vidaresendt til Venstres landsmøte.
Sunnhordland s. 4 20. April Geir Angeltveit.
«Meir Demokrati.» Eit lesarbrev som vart forma utifrå ei fråsegn som vart fatta på Venstres landsmøte den veka. Om nye demokratiske rettar som lågare røystealder og openheit i partifinansiering m.m.
Sunnhordland s. 4 11. Mai Geir Angeltveit.
«Eit Samfunn basert på tillit.» Eit lesarbrev der ein kritiserar Høgre på det kraftigaste for vedtak om
Datalagringsdirektivet, narkotikapolitikk m.m. Og dobbelmoralismen i opninga deira i partiprogram; «vil byggje samfunnet på tillit til enkeltmennesket».
Sunnhordland s. 4 23. Mai Geir Angeltveit.
«SV ofrar Nathan for regjeringsmakt.» Handlar om debatten som då raste om asylborna. Og var eit krast lesarbrev om SVs stilling i den saka. Nathan er fødd på Stord og oppvaksen i Kvinnherad og i Bergen.
Sunnhordland s. 4 3. Oktober Geir Angeltveit.
«Kunnskapslaus kunnskapspolitikk.» Her får Regjeringa, Høgre og Frp så hatten passar. Eit lesarbrev om nynorsk, om kunnskaps- og opptakspolitikk og om deira effektive åtak på nynorskens stilling i det norske samfunn. Eit langt lesarbrev som tom. Vart kommentert på framsida av avisa.
Sunnhordland s. 5 8. November Håkon Frode Særsten.
«Næringsutvikling i Stord Kommune.» Her skriv ein om kva den framtidige satsninga må vera i Stord Kommune, samt korleis ein arbeidar for at Atheno og SNU skal fusjonera, som har vore ei viktig sak lenge.
Sunnhordland s. 4 13. November Håkon Frode Særsten.
«Sykehuset på Stord ut av våre hender.» Eit lesarbrev om korleis ein oppfattar den situasjonen ein no er i med Helse Fonna og kva som vil skje om Stord Sjukehus endar opp med å bli verande i denne konstellasjonen.
Nettaktivitet
Stord Venstre har ei aktiv side på Facebook som vert jamleg oppdatert med politisk innhald frå våre møter, lokalt, regionalt og nasjonalt. Denne sida har vakse trutt sidan oppstartinga under valkampen 2011 og er no på 185 tilhengjarar.
Stord Venstre har også hatt eit svært godt oppdatert nettstad, www.Stord.Venstre.no der ein har lagt opp alle lesarbrev, alle artiklar ein har vore hovudemne i osb.