Andre må få ta ansvar

Kommunestyrerepresentant for Venstre på Stord, Geir Angeltveit, er uroa for helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger og har følgjande lesarbrev i avisa Sunnhordland i dag 24. januar:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Folk samlar seg i stor protest ved Valen. Hardingtinget krev å verta skild ut frå Helse Fonna. Tenester frå mellom anna BUP Stord/Kvinnherad vert overført til Haugesund. Helse Fonna sin leiing overlèt utsegna til kommunikasjonsansvarlege og seier dei ikkje kan uttala seg om planar dei har uttala seg om tidlegare. Tolking av høyringsutsegn frå kommunar som er svært forvridd. Det er inga vilje å stilla til debatt på NRK Hordaland, og dei vert stadig mindre lydhøyre overfor tillitsvalde og organ utanfor Haugalandskjerna.

Lista over galskapen kunne vore endå lenger. Det rår ein arroganse eg vanskeleg ser bør passa inn i offentleg forvalting.

Ein kan då lura på korleis Samarbeidsrådet for Sunnhordland kjem fram til at det beste er å gje det eit forsøk til. Samarbeidsrådet har lagt ved visse krav som t.d. lokal leiing, som vil vera særs viktig for å ta vare på helsetilbodet i regionen; noko som Helse Fonna ikkje kjem til å gje sjukehusa. Når saka fyrst er oppe til handsaming bør ein ta erfaringa og realiteten til seg og gå for det som på lang sikt vil vera det beste alternativet: Ei orientering attende mot Haukeland. Ein kan få inntrykk av at det er nokre i Samarbeidsrådet som har utvikla Stockholmsyndrom. Venstre vil samla helsetilbodet i Hordaland under eit helseføretak. Erfaringar ein har med Voss sjukehus kontra Haukeland tilseier at det ville arta seg annleis. Samstundes så har ein her med eit universitetssjukehus å gjere, og Haukeland er på ingen måte trua av korkje Voss, Odda eller Stord. Tvert imot kan desse supplera Haukeland med sårt trengt kapasitet. Fagfelt som t.d. alt av fedmeoperasjonar (flytta til Voss) kan flyttast ut, t.d. kompliserte beinbrot m.m. Haugesund er i ein situasjon der eit oppløyst Helse Fonna fører til at dei vert i direkte konkurranse med Stavanger.Av den grunn er det gunstig for Haugesund å styrkja sin posisjon og sitt sjukehus på ein slik måte at når endring ein dag måtte koma, så er dei førebudd. Dette går då sjølvsagt no ut over helsetilbodet i Sunnhordland og Hardanger.

Sykehuskorridor

Foto: © Lucian Coman | Dreamstime.com

Kven er det som eigentleg har ansvaret for stoda? Helseføretaka har i praksis det som kallast delegert myndigheit. Dvs. om regjeringa eller helseministeren på eit tidspunkt ser at utviklinga i gitt region er ikkje ynskeleg, kan ein gripa inn og overprøva dei organa som er sett saman for å ha styring på den daglege drifta. Om ikkje den nye helseministeren Gahr Støre og den raudgrøne regjeringa vil ordna opp, så er det andre som er klare til å ta ansvar. Kva gjeld samansetjinga av Samarbeidsrådet, må ein nok venta til 2015.

Med liberal helsing
Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**