Klar profil i Venstre sitt budsjettframlegg

Voss Venstre har stø kurs i budsjettet, både i prioriteringar og i partisamarbeid. Venstre er slik einig med rådmann og dei fleste partia at til dels store nedskjeringar dessverre er nødvendig for å betra den dårlege kommuneøkonomien.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Voss Kulturhus

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Venstre fann det likevel mogleg og riktig — som i budsjettet for 2012 — å føreslå styrking innan område som er svært viktige for vidare utvikling og vekst i kommunen:

– lærartal i skule og etter-/vidareutdanning
– plan- og byggjesaker
– næringsutvikling
– kulturskule og støtte til kulturinstitusjonar

Venstre gjekk elles også m. a imot ei svært stor nedskjering i aktivitetane for eldre og funskjonshemma. Venstre gjekk òg inn for oppretthalding av eit par omdiskuterte tiltak; barnevernsinstitusjon for einslege mindreårige flyktningar og krisesenteret. Venstre og Knut Olav Nestås var elles svært opptekne av at kommunen ikkje skulle nytta for mykje pengar av «kraftfondet»(det lokale næringsfondet) til drift. Venstre meinte – og meiner – at fondet bør verta nytta til det vedtektene seier det skal, dvs. vurdera søknader frå gründerar for å leggja til rette for nyskaping og framtidig verdiskaping med nye bedrifter og arbeidsplassar.

Sparegris

Foto: Microsoft Clipart

I drøftingar etter formannskapsinnstillinga fremja så V, H, KrF så i kommunestyret (der Frp "hengde seg på") – som ved forrige budsjett – eit sekundærframlegg om løyvingar, framlegg om utgreiingar og ei fråsegn om underbudsjettering av samhandlingsreforma. Dei fleste framlegga her var i samsvar med Venstre sitt framlegg i formannskapet. Venstre og opposisjonen hadde fleire verbalframlegg, f. eks. om å jobba vidare med symjebasseng og å jobba vidare med omsorgsbustader, m. a på «Udlabua»-tomta.

Men trasss fleire spørsmål til fleirtalsgruppa; Ap, Sp og SV, om det var nokon av framlegga dei kunne tenkja seg å røysta for, vart alle nedstemte. Torstein Gunnarson oppsummerte det heile med: – Det blir nestan komisk når dei raudgrøne dermed røystar mot utgreiingsforslag dei støtta i 2011, men som administrasjonen ikkje har følgt opp!

Dette følgjer for så vidt opp ein aukande tendens i haust til at fleirtalsgruppa står svært hardt på eigne framlegg (svært ofte dei same som administrasjonen sine) — dvs. det bli lite av den"politisk verkstaden" vi skulle ha i utval og styre.

Venstrelogo

Foto: Venstre.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**