Sveinung Rotevatn til Luster

Venstre sin toppkandiat frå Sogn og Fjordane til Stortingsvalet 2013 blir måndag gjest på årsmøtet til Luster Venstre. Han er også leiar for Unge Venstre og såleis med i valprogramnemnda til stortingsvalet. Med hans førstehandskunnskap om programframlegget vil årsmøtet få god orientering om programframlegget og saker som både er viktige og som det har vore mediamerksemd om. Årsmøtet vil bruka mest tid på dette og styret vonar mange som er interessert i Venstre sitt valprogramframlegg, kjem for å høyra og gje sitt syn. Leiar i Luster Venstre, Jon Ove Lomheim, uttalar at valprogramframlegget er til høyring i alle lokallag og gjennomgangen på årsmøtet vil gje grunnlag for lokallaget sitt svar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**