Felles årsmøtesamling for venstrelaga i Hallingdal

Det var stor oppslutnad ved felles årsmøtesamling for venstrelaga i Hallingdal, som vart halde på Gol kommunehus sundag 13. januar, og avslutta med hyggeleg middag på Brasseriet Valore.
Strotingskandidat Rebekka Borsch hadde planar klare for valkampen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Stortingskandidat Rebekka Borsch hadde eit inspirerande foredrag med tittelen "Stortingsvalet og valkampen for Buskerud Venstre i 2013". Med 7% oppslutning kan Buskerud Venstre ta eit direkte mandat ved Stortingsvalet!
-Det er 80 år sidan Buskerud sist hadde representasjon på stortinget frå Venstre, men no har vi ein reell sjanse, men vi må jobbe hardt og systematisk, og kvar stemme tel, sa Rebecca Borsch.

 Stortingskandidat Rebekka Borsch hadde eit inspirerande foredrag

Stortingskandidat Rebekka Borsch hadde eit inspirerande foredrag
Foto: Torbjørn Tandberg

Det vart sett ned eit eige valkamputval som skal planleggje og koordinere valkampen i Hallingdal, med Hallvor Lilleslett, Gol, Sissel Urke, Ål og Mathias Sataøen, Hol som medlemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**