Resolusjonsforslag om Hamnsundsambandet

Til handsaming på Haram Venstre sitt årsmøte 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Hamnsundssambandet 2

Foto: www.hamnsundsambandet.com

Hamnsundsambandet er sambandet mellom Hamnsund i Haram kommune, med undersjøisk tunnel til Valderøy i Giske kommune, alternativt Ellingsøy i Ålesund kommune. Planarbeidet for sambandet starta i 1987 som ein konsekvens av at ferjeforbindelsen mellom Haram, Giske og Ålesund fall bort. Sidan dagens veg frå Haram til Ålesund går inn og ut av fjordarmar gjer Hamnsundsambandet det vesentleg kortare og dermed òg mykje betre for næringsliv og folketalsutvikling i området. Totalkostnaden av prosjektet har vore estimert til rundt 0,5 milliard kroner der lokalt næringsliv og innkrevjing av bompengar står for brorparten av finansieringa.

No når Nordøyvegen er i emning og snøggbåtruta Hamnsund-Store Kalvøy-Valderøy-Ålesund fell bort som del av finansieringa av denne er det ekstra viktig at ei varig erstatning kjem på plass slik at dagpendling frå Haram til Ålesund og Giske og omvendt ikkje blir nærmast umogeleg. No er det på høg tid at det vert sett fortgang i dette. Vi har venta lenge nok. Møre og Romsdal Venstre må difor arbeide for å få Hamnsundsambandet inn i fylket si prioriteringsliste for store samferdselsprosjekt i tillegg til å legge til rette for realisering av prosjektet når planarbeidet er ferdig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**