– La oss stoppe ekspansjonen av Gullknapp nå

– La oss seie ja til småfly med inntil ni passasjerar, så tilsette i oljebransjen og andre delar av næringslivet kan kome seg raskt og greit til arbeid og møte. Men la oss stoppe der, sa Venstres Jan Kløvstad i formannskapsmøtet torsdag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre ser behovet for næringslivet om å kunne ha tilbringarteneste direkte frå Gullknapp til oljebransjen i Stavanger og Bergen for vidare transport ut i Nordsjøen, og vi ser behovet for at delar av næringslivet skal kome seg raskare til og frå Arendal. Få stader i Norgee er det så lang reiseavstand mellom hovudstaden og ein by eller bygd som vi opplever her i Arendalsområdet. Ein sterk og god vekst i ekspressbusstilbodet har gjort situasjonen betre, og så må vi prioritere betre togtilbod framfor å bygge ut flyplass. Norge treng ikkje fleire flyplassar, vi treng hurtigare tog og betre jernbaner.

Venstre meiner det derfor er grunn til å avgrense oss til å tilrå småflytrafikk og privatflyging på Gullknapp. Men vi deler ikkje ønska som det er peika på i sakspapiret om å bygge opp Gullknapp til noe i retning av den aktiviteten som er på Torp og Kjevik.

Venstre foreslo følgande som alternativ til rådmannens forslag:

«1. Arendal kommune støttar søknaden om konsesjon frå Arendal Lufthavn Gullknapp når det gjeld byggetrinn 1.
2. Arendal kommune ser ikkje behovet for vidare utbygging etter byggetrinn 1. »

I voteringa blei Venstre ståande aleine. I neste avstemming om rådmannens forslag stemte Venstre og SV mot rådmannens innstilling.

NRK Sørlandet skriv om saka slik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**