Me vil ha deg med på laget! Informasjonsmøte

Stord Venstre er på jakt etter fleire medlem. Ynskjer du å bidra til å gjere øya til ein betre stad å bu?
Les meir om vårt informasjonsmøte her…

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Venstre header

Venstre er Noregs liberale parti. Liberal politikk kombinerar personleg fridom med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Me har ei sterk tru på menneskets skaparevne, kreativitets og ansvarskjensle.

Menneske som gis fridom, er best i stand til å ta ansvar for seg sjølv, sine medmenneske og livsgrunnlaget til våre etterkommarar. Det er difor me sett folk først.

Stord Venstre ynskjer med dette å invitera alle som har interesse for politikk lokalt, regionalt eller nasjonalt til å koma på vårt opne møte.

 Terje Breivik, førstekandidat til Stortinget.

Terje Breivik, førstekandidat til Stortinget.
Foto: Bård Ek

Kl. 19.00,
Torsdag 10. januar.
Matsalen, 2. etasje, på Rehabiliteringssenteret.

Facebook-event

Ynskjer du å verta medlem eller vil ha meir informasjon, trykk her.

Der kjem folkevalde frå Stord Kommune, Hordaland fylkesting og Hordaland Venstres førstekandidat på Stortingslista, Terje Breivik.

Det vert foredrag om Stord Venstre og om Venstre. Og det vert ope for å stilla spørsmål om alt ein har på hjarta, og å koma med tilbakemelding til partiet.

Me ynskjer alle velkomen til eit fantastisk møte!

Stord Venstre vil også avholde sitt årsmøte. Dette møtet er ope, og det byrjar kl. 17:30, på Rehabiliteringssenteret, same stad. Og vil vare fram til informasjonsmøtet.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Sekretær og kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**