Skulestruktur og tilbod for Vossaregionen

Vi har forståing for usemje kring media og kommunikasjonslina på Voss i samband med skulebruksplanen, men fylkestinget sitt vedtak er ei veldig god løysing samla sett for vossaregionen, skriv Mona Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Mathias Fischer

Første del av ny skulestruktur vart vedtatt i fylkestinget 11. desember. Vedtaket inneber investeringar i to skular på Voss på til saman vel 600 millionar. Dette sikrar at Voss blir eit robust, regionalt skulesenter for framtida òg.

I framtidig skulestruktur er det mange omsyn som er vurdert, både breidde i tilbodet, framtidig elevgrunnlag, næringslivet sine behov for fagarbeidarar og anna kompetanse. Engasjementet har vært gledeleg stort, frå svært mange ulike hald.

Så veit vi at det var eit sterkt ynskje frå fleire om at media og kommunikasjon skulle halda fram i same form som det har på Voss husflidsskule i dag, som eit yrkesfag lagt til nye Voss gymnas.

Venstre si fylkestingsgruppe har stor forståing for at ein lokalt kjempa for å oppretthalde dette tilbodet, og er samd i at forslaget burde vore med i høyringsrunden. Likevel meiner vi at det vedtatte forslaget er ei veldig god løysing samla sett for Vossaregionen.

Programfaget medie og – informasjonskunnskap på studiespesialiserande utdanning er eit godt alternativ for dei som ynskjer ei utdanning innanfor dette feltet, og vert gjeve på Voss gymnas i dag. Dette tilbodet skal vidareførast.

Vi vil takke alle for engasjement og konstruktive innspel, og ynskje alle elevar, tilsette og andre involverte lukke til med den krevande og spennande byggeprosessen, og ikkje minst flytting og samlokalisering når ein kjem so langt.

Venstres fylkestingsgruppe i Hordaland
Mona H. Hellesnes, gruppeleiar

Innlegget stod på trykk i Hordaland 15. desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**