Aksjar i Agder Energi er ei verdfull investering. Arendal er største kommunale eigar, og vi var saman med Lyngdal svært sentrale i arbeidet med å sikre kommunalt fleirtal da Kristiansand kvitta seg med delar av arvesølvet.
Nå er det eit fleirtal i Mandal som roter det til, og Arendal bør enda ein gong stille opp – for heile landsdelen.
Vi ser at det er samtalar på gang om fusjonering mellom Agder Energi og andre energiselskap. Venstre vil ha størst mogleg lokalt og offentleg eigarskap, og å sikre seg Mandalaksjane vil vere ein sunn og framtidsretta strategi både for den regionale utviklinga og for styrking av framtidige kommunebudsjett her i kommunen vår. Derfor foreslår Venstre dette tillegget til budsjettvedtaket:
«Om Mandal kommune vedtar å selje aksjar i Agder Energi, vil Arendal kommune arbeide for å kjøpe desse aksjane. Arendal vil samarbeide med andre kommunar om eit slikt aksjekjøp.»
I debatten fekk Venstre støtte frå Høgres Peder Syrdalen og KrFs Tormod Vågsnes, mens varaordførar Anders Kylland, Frp advarte. Ved voteringa blei Venstres forslag einstemmig vedtatt.
Agderposten skriv om saka på nett torsdag kveld.
Etterpå har Venstreinitiativet i Arendal fått støtte frå kommunestyra i Marnardal og Evje og Hornnes, og i formannskapet i Kristiansand.