– No er vi i starten av behandlinga på ei stor og omfattande sak for fylkeskommunen og fylkespolitikarane. Vi har stor forståing for at lokalpolitikarar vil kjempe for sine skular og sine syn, men vår jobb er å ta vanskelege avveiningar i eit heilskapleg perspektiv, seier Hellesnes.
– Dette er ein strukturplan som skal verke over tid, for å leggje grunnsteinane for skuletilbodet framover. No får vi også avklart byggjeprosessen for to nye vidaregåande skular på Voss, minnar Hellesnes om.
Resten av skulebruksplanen blir vedteke på fylkestinget i mars.
BHG blir lege ned
Vedtaka i dag innebar mellom anna at skuletilbodet ved Bergen Handelsgymnasium blir flytta til Amalie Skram frå hausten 2014. Meir utfyllande om Venstres syn kan du lese her.
Grete Line Simonsen er Venstres medlem i Opplærings- og helseutvalet, og synest BHG-saka er vanskeleg. – Som fylkespolitikarar er vi sett til å bestemme skulestrukturen i fleire tiår framover, og vi må vere førebudd på å gjere nokre smertefulle grep som folk vil vere ueinige i. Det opplever fleire av oss no i Bergen og på Voss. I mars vil alle partia kjenne på dette, sa ho til fylkestinget.
– Alternativa for BHG er enten ei forpliktande vidareføring av skuletilbodet med opprusting av skulebygget, eller ei nedlegging med flytting til Amalie Skram. Høgre sitt forslag om å utsetje avgjerda i tre år vil skape meir usikkerheit, og det er ingenting som tilseier at vi har meir pengar i 2015, seier ho.
Reagerer på Ap-forslag
Arbeidarpartiet fremma i forkant av fylkestinget eit forslag om ein bytehandel med Høgre om å vidareføre tilbodet ved BHG dei neste tre åra mot eigne forslag i skulebruksplanen. Simonsen kallar det useriøst.
– Eg reagerer på at Ap no vurderte å røyste for BHG-forslaget til Høgre som dei i førre veke var imot, utan å ta vidare ansvar for konsekvensane. Skulebruksplanen er ei viktig sak med langt tidsperspektiv. Denne måten å forhandle på svekkjer truverda og tilliten til Ap som opposisjonsparti, sa Simonsen.
– Det er utidig av dei å snu etter fylkesutvalet og bruke BHG i kva som ikkje kan oppfattast som anna enn ein hestehandel for å få gjennomslag for saker dei tapte i utvala. Eg vil be Arbeidarpartiet om å heller bidra til eit godt forhandlingsklima om skulebruksplanen fram mot mars, avslutta ho.