– Skulesaka er ikkje eit kompromiss

Leiar for Voss Venstre, Knut Olav Nestås, har i dagens utgåve av avisa «Hordaland» kommentert fylkeskommunens skulebruksplan for Voss sin del. – Skulesaka, som den vert lagt fram no, er ikkje eit kompromiss, presiserer Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Opplærings- og helseutvalet i fylket ville berga musikklinja, men ofra i staden medialinja. Dette vert framstilt som eit kompromiss, sidan nye Voss gymnas vil få programfag medium og informasjonskunnskap på studiespesialiserande.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

– Dette er ikkje noko nytt me får. Media er alt eit programdag på gymnaset i dag, seier Knut Olav Nestås til avisa «Hordaland.

Nestås oppmodar no alle lokalpolitikarar i Voss kommune til å ta kontakt med sine fylkestingsgrupper. – At fylkesrådmannen trur at medium og kommunikasjon ikkje er viktig for Voss, lyt stå for hans rekning. Men tilbodet er det einaste av sitt slag i regionen. Når argumentet om at alle regionar skal ha eit breitt tilbod innan vidaregåande utdanning reddar musikklinja, verkar det litt søkt at føresetnadane stiller seg annleis for medium og kommunikasjon.

Voss Gymnas

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

– Men det tyngste argumentet er at dette er i ferd med å verta ei framsyning av «keisarens nye klede» i fylkespolitisk regi: Media og informasjonskunnskap er eit programfag ved Voss gymnas i dag, og lærarane i dei kreative miljøa både på gymmen og på husfliden har sett fram til dei synergieffektane eit framtidig samarbeid kunne ha gitt, avsluttar Knut Olav Nestås, leiar for Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**