Opne debattar og lukka prosessar

Olav Kasland svarar på Arne Storhaug (Bø Ap) sine spørsmål i førre Bø blad om prosessen rundt ny gjenvinningsstasjon:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Frå ordførars side kan eg forsikre Storhaug om at det ikkje har vore nokon lukka prosess i denne saka. Tvert imot. På ein interpellasjon frå Bø Ap svara eg 10. september 2012, med heimel i kommunestyrevedtak av 5. september 2011, at ein avfallstasjon skulle ligge i Bø.

I etterkant av kommunestyret 10. september 2012 fremma Teknisk eining inn ein sak for kommunestyret, basert på ein anbudsprosess handtert av dei som skal gjere det, nemleg Irmat. ( Irmat er eit interkommunalt selskap, eigd av Hjartdal, Notodden, Sauherad og Bø, som skal handtere anbud og liknande innanfor avfall for kommunane. Dette selskapet blei etablert når Ap hadde ordføraren.)

Irmat gav Bø kommune to alternativ: 1) Etablering av ein felles, moderne gjenvinningsstasjon lokalisert nær grensa mellom Bø og Sauherad. Ikkje på Brenna næringsområde. Reguleringsplanen gjer inga opning for det, men sannsynlegvis ein annan stad i området. Uansett seier Irmat at det skal ligge nær kommunegrensa.
2) Ein eigen gjenvinningsstasjon i Bø. Etter Irmat sine berekningar vil dette koste Bø kommune sine innbyggarar ca. 1 million kroner ekstra kvart år.

Dette fekk kommunestyret opp til votering den 29. oktober. Der sa 17 av 25 kommunestyrerepresentantar, med andre ord eit stort fleirtall, at det beste var om det blei etablert ein felles gjenvinningsstasjon mellom Bø og Sauherad.

Slik var prosessen. Eg visste ikkje meir enn Bø Ap visste, men eg syns at opne prosessar er å gje kommunestyret alle relevante opplysningar slik at dei sjølv kan avgjere. Slik eg forstår Bø Ap, ville dei ikkje ha fremma Irmat si sak for kommunestyret, og dermed påført innbyggjarane 1 million i ekstra kostnader kvart år. Viss det er openheit, – ja da har me forskjellige definisjonar av openheit.

Olav Kasland
ordførar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**