Firkanta regelverk, og ei hjarteskjerande historie

Amerikanske Lisa Wortman, sambuar til tidlegare OL-vinnar Lars Bystøl, har fått avslag på søknaden om opphald i Norge gjennom familiegjenforening. – Dette blir berre for dumt, seier ein hoderystande partilear i Venstre, Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Det er VG og Avisa Hordaland som fortel historia om familien Bystøl-Wortman.

Det er VG og Avisa Hordaland som fortel historia om familien Bystøl-Wortman.
Foto: Faksimile: Avisa Hordaland

Det var avisa VG i som i går fortalte historia om Wortman, Bystøl og sonen på eitt år. Grunngjevinga i avslaget frå Utlendingsdirektoratet (UDI) var at Bystøl hadde hatt for låg inntekt det føregåande året. UDI meinte også at kravet til framtidig inntekt ikkje var oppfylt. Lars Bystøl fortel at han sleit tungt psykisk etter at idrettskarriera var over, og at han difor ikkje var i stand til å ha fast jobb. Sambuar Wortman er utdanna massasjeterapeut, og har fått fleire jobbtilbod på Voss der paret bur.

Hjarteskjerande
Venstres leiar Trine Skei Grande reagerer sterkt på behandlinga av familien.
– Dei nye inntektskrava vart primært innført for å hindra tvangsekteskap. Vi har teke opp problemstillinga i Stortinget fleire gonger. Dette er enda eit døme på kor gale systemet kan slå ut, seier ho til VG.

— Dette er ei hjarteskjerande historie. Og nok eit prov på at dagens reglar og praksis er for firkanta, seier Terje Breivik til avisa Hordaland.

 - Historia er nok eit prov på at dagens reglar og praksis er for firkanta, seier Terje Breivik.

– Historia er nok eit prov på at dagens reglar og praksis er for firkanta, seier Terje Breivik.
Foto: Rune Kongsro

Lovverket må endras
Terje Breivik minner om at Venstre tidlegare i år fremja representantforslag om endringar i utlendingsregelverket for å få rettferdige reglar for familiar som det her er snakk om. Framlegget frå Venstre gjekk slik: Stortinget ber regjeringa endra utlendingsforskriftene, slik at det i større grad opnar for skjøn når utlendingsstyresmaktene skal avgjera om utlendingslova, paragraf 58, er oppfylt.

— Diverre avslo den raudgrøne regjeringa dette framlegget. Men eg ser ikkje bort i frå at me vil ta saka opp på nytt, seier Terje Breivik.

— Her er det eit lite barn inne i biletet. Og situasjonen til familien har endra seg undervegs. Dersom sakshandsamaren i UDI hadde hatt lov til å bruka sunt folkevit, ville ein kunna slå fast at Bystøl, som no er i fast arbeid, har betre økonomi no enn då søknaden vart send. Det er også opplysningar som tyder på at sambuaren vil få jobb, når ho får arbeids- og opphaldsløyve. Difor er det ingen grunn til å tru at familien ikkje skal klara seg økonomisk, seier Breivik til avisa Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**