Fylkeskommunen har bygd ein fantastisk ny fin vidaregåande skole i Myra, med yrkesretta fag som viser veg til eit variert og viktig arbeidsliv for ungdom i vår del av fylket. Det er viktig å vise flest mogleg ungdommar vegen dit, styrke skolen, og sørge for at alle veit kor dei kan finne inspirasjon, undervisning, kunnskap og grunnlag for yrkeslivet.
Vegg i vegg både innandørs og utandørs er eit av landets beste idrettsanlegg. Tidlegare landslagstrenar Marit Breivik sa i åpningstalen at det er det beste anlegget ho har sett i heile verda. Arendal har eit perfekt anlegg i og rundt Sør Amfi for handball, basketball, innebandy, badminton, turn, tennis, volleyball, klatring, skøyting, fotball, skating, sandvolleyball, klatring og mange andre idrettar. Aktive barn og unge er den beste investeringa for framtida.
Heile anlegget vil også bli brukt til store turneringar, konserter, messer og ander arrangement..
Men folk må finne fram dit, både dei som kan tenke seg å søke Sam Eydes videregående skole, dei som skal på trening, konkurransar, turneringar og konsertar. I dag er det ingen skilt frå E18 til "utdannings- og idrettsparadiset" i Myra. Det er ingen grunn til å halde hemmeleg at vi har slike tilbod i kommunen!
Til neste bystyremøte i Arendal stiller Venstre derfor dette spørsmålet til ordføraren:
"Kan ordføraren arbeide for at det blir skilta frå Harebakken til Sam Eydes videregående skole og idrettsparken i Myra?"
I rundkøyringa ved E18 ved Harebakken er det tre skilt som viser veg til fylkeskontoret til NAV. Men ingen skilt viser veg til der ungdommane våre kan få ei god yrkesutdanning ved Sam Eydes videregående skole, og ingen skilt viser vegen til landets beste idrettsanlegg. Venstre meiner vi skal vise ungdom vegen til utdanning, framtidig arbeid og idrett. Det er viktigare enn å vise vegen til NAV og særleg til eit tilbaketrekt fylkeskontor utan ansvar for direkte samtale med den enkelte arbeidssøkar.
Det kan gjerast veldig enkelt: Sett opp dei same skilta ved Harebakken som ved rundkøyringa frå Stoa mot Myra.
Bystyregruppa i Arendal Venstre
Pål Koren Pedersen, Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad