Pål Farstad nominert på førsteplass

Møre og Romsdal Venstre hadde nominasjonsmøte i Ålesund laurdag 3. november. Pål Farstad frå Kristiansund tok førsteplassen, dei to andre som utgjer topp tre-teamet er Britt Giske Andersen og Olbjørn Kvernberg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det var ei viss spenning om kven som ville få førsteplassen på Venstre si liste til stortingsvalet i 2013. I tillegg til nominasjonsnemnda sitt forslag om Pål Farstad, stilte også fylkesleiar Helge Hamre frå Volda og Kirsti Dale frå Ålesund opp for å prøve å kapre plassen øvst på lista. Det viste seg at Pål Farstad hadde klart sterkast støtte i forsamlinga, han fekk 45 av 67 stemmer. Det var mindre dramatisk då dei neste plassane på lista skulle fyllast, her gjekk stort sett nominasjonsnemnda sine forslag gjennom utan motforslag. Britt Giske Andersen frå Giske og Olbjørn Kvernberg frå Molde står på andre og tredje plass på lista, saman med Pål utgjer dei eit godt team som skal jobbe hardt saman med resten av Venstre i Møre og Romsdal for å få minst eit mandat på Stortinget i neste periode.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**