Ferjefri E39

Representantskapet 3.november vedtok en uttalelse om ferjefri E39. Møre og Romsdal Venstre mener at det må satses maksimalt på å gjøre E39 til en ferjefri hovedveg mellom de ulike områdene av Vestlandet, og samtidig legge til rette for timeekspress på strekningen Stavanger — Trondheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Resolusjon:

Ferjefri E39

Møre og Romsdal Venstre meiner det må satsast maksimalt på å gjere E39 til ein ferjefri hovudveg mellom dei ulike områda av Vestlandet, og samtidig legge til rette for timeekspress på strekninga Stavanger — Trondheim.

E39 er og vil vere hovudferdselsåra mellom Kristiansand og Trondheim gjennom alle Vestlandsfylka. For alle Vestlandfylka vil dette vere samferdselssak nummer ein dei komande åra.
Ei vidare utvikling av denne særs viktige delen av landet vårt er heilt avhengig av eit godt utbygd vegnett.

Ein fullgod og framtidsretta E39 må i hovudsak finansierast ved statlege midlar.
Møre og Romsdal Venstre krev at arbeidet med planlegging, finansiering og gjennomføring vert forsert og høgt prioritert.

Vedatt på representantskapsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 03.11.12

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**