Venstre sitt standpunkt i sak om skulebruksplan

Her er kan du lesa meir om Venstre sitt standpunkt i den siste tids strukturdebatt. Venstre håpar at vi framover kan byrja å diskutera kva som må til for å skapa gode skular for framtida, og ikkje berre kor desse «meir-eller-mindre-gode-skulane» skal ligga. Venstre synest det er syrgjeleg at spørsmål rundt struktur over lengre tid har tatt sjølve fokuset på innhaldet bort frå skuledebatten, vi håpar det er ei utvikling som no vil snu!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre ikkje går inn for vidare planlegging av ein ny stor sentral barneskule, Venstre går heller ikkje inn for ein ny stor ungdomsskule, men går inn for å legga til rette for vekst for Gjernes skule som ein langt større skule i framtida. Gjernes kan verta viktig m. a for å ta unna ein eventuell vekst etter utbygging av Nyrefeltet.

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

Vidare vil vi at kommunen skal ta det litt rolegare med avgjerd for Bordalen og Bolstad . Torstein Gunnarson argumentert for at det burde vera eit økonomisk handlingsrom for det, og synte til kva Venstre gjekk inn for i Venstre sitt framlegg til økonomiplan i vår. Knut Olav Nestås argumenterte for ei utsetjing av avgjersler knytt til Bolstad skule og Bordalen skule. Både fordi kretsane sjølve ber om meir tid, og for dei meiner det er realistisk å betra både folketalsutvikling og elevprognosar framover. Nestås sa at Venstre ynskjer å støtta oppunder den utviklinga som ligg i bygdene i vest sitt potensial for pendling til Bergen, og Bordalens vekst gjennom ny infrastruktur og nytt bustadfelt.

Venstre er opptekne av at me no lyt byrja å sjå framover, og legga strukturdebatten bak oss. Jorunn Ytrefjord er sitert på følgande i dagens utgåve(27.10) av «Hordaland»: – No som strukturdebatten straks er omme, bør me lyfta blikket og kikka på innhaldet i skulen. Venstre ynskjer seg bort frå at skulen skal vera ein plass for omsorg og oppbevaring − og over til kunnskapsskulen.

Voss Ungdomsskule

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Heile framlegget frå KrF og V, kan ein lesa her:

74/12 Skulebruksplan 2012 KST 25.10.12

Framlegg til vedtak frå Venstre og Kristeleg folkeparti. Realitetsendringar i høve til Ap, Sp og SV sitt framlegg i LEV er i kursiv.
Fellesframlegg V og KrF:

1. Skulebruksplan 2012 for Voss kommune vert lagt til grunn for vidare arbeid med endring i struktur. Det vert lagt fram eigne saker for den einskilde skule der det er snakk om endringar, og der m. a. inntaksområde kan verta endra.

2. Nord: Sundve skule 1-10 årssteg. Oppheim skule vert lagt ned og elevane overført til Sundve skule når denne skulen er ferdig utbygt/fornya. Oppheim skulebygning blir vurdert vidareført som barnehage.

3. Vest:* a) Bulken skule 1-7 årssteg. Event. nedlegging av Bolstad skule skal vurderast på nytt hausten 2013 ( 3b — sjå nederst på arket.)

4 Aust: Bjørgum skule 1-7 årssteg og Palmafossen skule 1-7 årssteg. Kløve skule vert lagt ned og elevane overført til Palmafossen skule. Kløve skulebygning blir vurdert vidareført som barnehage. Det blir sett i gang arbeid med reguleringsplan for trafikkløysing ved Palmafossen skule.

5. Sentrumsområdet:

Skole

Foto: Priv

5.1 Gjernes skule 1-7 årssteg, Skulestad skule 1-7 årssteg ,Palmafossen 1 — 7 årssteg, Gullfjordungen skule/skule på nordsida av Vangen 1-7 årssteg.Voss ungd.sk. 8 — 10
5.2 Inntaksområda skal vurderast med tanke på å gi ei fordeling på skulane som både tilseier at flest mogleg elevar kan gå til skulen, og for å få ei best mogleg fordeling med tanke på utbyggingsbehov. Inndelinga skal gi rom for at Gjernes skule skal kunna byggjast ut for å ta mot folketalsvekst i sentrumsområdet.
5.3 Gullfjordungen: Det skal avklarast om areal kan kjøpast frå St. Olavs-stiftinga . Det same gjeld om Husflidskulen kan nyttast for 5.-7 klassesteg.
5.4 Vurderingane i 5.2 og 5.3 skal leggjast fram til politisk behandling i vårhalvåret 2013.
5.5 Palmafossen skule skal byggjast ut/om, og det skal leggjast tilrette for at Gjernes skule kan ta utvidast for å ta mot markert auka elevtal.
5.6 Event. nedlegging av Bordalen skule skal vurderast hausten 2013

6 Det vert oppretta felles plan- og byggekomité for bygging ved Palmafossen, Sundve og Gjernes skular med tanke på oppstart av planarbeid 1.1.2013.

7 Mellombelse tiltak skal unngåast, og nye skular skal vera ferdige til å ta mot elevar.

8 Tidsplan:
01.01.13 Oppstart planarbeid,
01.08.13 Overføring Evanger ungdomssteg til Voss ungdomsskule
Haust 2013. Vurdering av event. nedlegging av Bordalen og Bolstad skular
01.08.14:Nedlegging av Kløve skule/elevar overført til Palmafossen skule dersom skulen er ferdig utbygd/opprusta
01.08.15 Nedlegging av Oppheim skule/elevar overført til Sundve dersom ombygging/nybygg er ferdig

9 Økonomiske konsekvensar, inklusiv avhending av eigedom blir å innarbeide i budsjett for 2013 og i revidering av økonomiplan 2014-2017.
Venstre: KrF:
*Separate forslag, punkt 3 b:
3 b) Venstre: Evanger skule 1-7 årssteg. Evanger ungdomssteg blir overført til Voss ungdomsskule Venstre:
3b) KrF: Evanger skule 1 — 10 årssteg KrF:

Voss Ungdomsskule 2

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**