På kommunestyremøtet den 18.10.2012 røysta 14 for å overføre elevane til Flatdal, og berre 4 for vårt framlegg ( V, Sp og Frp). Dermed er Åmotsdal skule sine dagar talde. Trist for grenda! Vi håpar og trur likevel at elevane snart vil finne seg til rette ved Flatdal skule, og at åmotsdølane gjer som Terje Vigen og rister av seg vonbrotet og går vidare med friskt mot. Kanskje opprettar dei ein privatskule.
Bygdeskule leggast ned
Seljord Venstre vann ikkje fram med sitt framlegg om å spare inn 2 mill kroner ved eit generelt kutt på 5 % i skolebudsjettet for å kunne halde oppe Åmotsdal skule.