Eldre og funksjonshemma har problem i bustadmarknaden

Både i storsamfunna ute i den store verda og i dei ulike lokalsamfunna som er nærare oss, vert me målte på korleis me tek vare på dei som treng samfunnets støtte mest. Både eldre og føresette på vegne av ungane sine med nedsett funksjonsevne, gir uttrykk for bekymring over eit manglande bustadtilbod, som kjem i tillegg til ein svært dyr marknad for dei bustader som allereie eksisterar. Venstre ved Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås tar no saka opp i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Samfunnet har ansvar for å hjelpa dei som treng det, og i media ser me oppslag innan ei rekke politiske område, f. eks helsepolitikk, sosialpolitikk, asylpolitikk, rusomsorg m.m. I den seinare tida har me sett fleire utfordringar for nokre av dei nemnte gruppene, m. a i saka om «Oasen», men òg i saka om leigeprisar for eldrebustader. Jfr. m.a annonse i avisa «Hordaland»( for 20.10) for eit husvære på 65 kvm i nybygget på Enkjeheimstomta, til 11.500,- pr. mnd., pluss straum. Og viss me skal tru informasjonen me får, er 11.500,- (framleis) pluss straum den nye summen, altså at prisane har vorte sett ned etter kvart i prosessen.

Få har sagt noko om leigeprisane for høvelege bustader for dei eldre i bygda vår, og om mangelen på husvære for funksjonshemma. Problema for sistnemnte gruppe vart eksemplifisert gjennom brev frå foreldregruppa for funksjonshemma, som kom medlemane av FPL i hende i førre veke.

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Venstre er bekymra for at mange følar seg underprioriterte; ja, til og med gløymte i verdas rikaste land, og i ei bygd som inntil nyleg skulle vera «ein god stad for alle». Det synest ikkje Venstre er eit moderne og sivilisert lokalsamfunn verdig.

Venstre vil difor sjå på korleis me kan styra m. a helse- og sosialpolitikken i ei retning som sørgjer for at dei som treng vår hjelp, får vår hjelp!

Difor vil Voss Venstre spørja ordføraren om følgjande:

Rusomsorg

Foto: Kari Stai

1. Kan ordføraren gjera greie for sine vurderingar rundt kostnadane knytt til leige av bustader for eldre på Voss?

2. Meiner ordføraren prisnivået er akseptabelt, trass i fleire av dei eldre sine bekymringar over om økonomien deira strekk til?

3. Kva meiner ordføraren om bustadtilbodet for funksjonshemma?

Jorunn Ytrefjord, repr. i utval for levekår Knut Olav Nestås, leiar Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**