Lov og rett skal følgjast. Og så må det vere lovleg å bruke hovudet. Alle offentlege tilsette må ha som si fremste rettesnor å hjelpe folk til å finne dei beste løysingane. Vi skal lytte til ærlege folk og gi råd og rettleiing. Særleg må dette gjelde når vi møter fattige menneske.
Alle som har møtt politi, tollarar og andre maktpersonar i Aust-Europa veit kva dei som var stengt inne bak dei gamle kommunistmurane måtte gjennomgå av korrupte statstilsette, og at rumenarar på reise vil ha skrekken for politi og andre i uniform langt inn i sjela si. Spør alle som har reist med hjelpesendingar til Romania, Moldova, og dei baltiske landa og Polen på 1980- og først på 1990-talet. Slik kulturkunnskap må også det norske tollvesenet ha, – og likevel kunne gi lik, rettferdig og korrekt behandling.
Ein burmesisk venn av meg strauk til førarprøva i første forsøk. Han kom til eit lyskryss som gjekk over til gult. Han bremsa, men sensoren sa han berre skulle køyre. Mannen frå Burma var så takksam for at han hadde fått kome frå fengsel og flyktningeleir til Norge at han lystra. Så han høyrte sjølvsagt på sensoren og køyrte på gult. Da oppkøyringa var ferdig sa sensoren at han ikkje fekk førarkort, fordi burmesaren skulle lære seg å stole meir på skilt enn tilfeldige passsasjerar. Korrekt av mannen med makt? Ja, juridisk sett. Men klokt? Nei.
Tollvesenet har god orden i papira sine, og har sikkert notert alle dei opplysningane Tollvesenet treng for å sende dei beslaglagte kr 100 000 tilbake til dei rettmessige eigarane, – fattige rumenarar som hadde utført heiderleg arbeid i Norge. Hundretusen ærleg tente kroner er mykje verd for fattige menneske i Romania.
Jan Kløvstad
Bystyremedlem for Venstre i Arendal
(for ordens skuld: Maria og Iriner var ikkje blant dei som blei stoppa av tollvesenet i Kristiansand, berre to av fleire eksempel på ærlege arbeidsfolk som har gjort nytte for seg i Norge.)