Venstres programkomité på besøk i Møre og Romsdal

Thor Bjarne Bore frå programkomitéen i Venstre, har dei siste dagane vore på besøk i Møre og Romsdal, og gjennomført møte i Molde og Sula.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Thor Bjarne Bore

Thor Bjarne Bore
Foto: Venstres bystyregruppe i Stavanger

Møta vart haldne på kort varsel, men likevel møtte så mange som rundt 30 på dei to møta. Målet for møta har vore ein gjennomgang av 1. utkastet til Stortingsval-program, der lokallaga har fått kome med sine merknader, og fått drøfta litt rundt nokre punkt som er viktige for vårt fylke.

Innspela som har kome fram på møta vil bli samla og innsendt til programkomitèen. Styret og fylkestingsgruppa vil samordne sine synspunkt og legge dei fram for representantskapsmøtet i Ålesund 3. november, om ein får utsett fristen for innsending til programkomitéen. Lokallaga har også høve til å sende inn sine synspunkt direkte til programkomitéen gjennom ei eiga lenkje på nettsidene til Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**