Innovasjon i verdsklasse

Norge har over år brukt milliardar av fellesskapsmidlar på ulike innovasjons- og risikokapitaltiltak for næringslivet. Likevel kjem Norge unødvendig dårleg ut, med ein klar fallande trend når me samanliknar oss med andre land på innovasjon og nyskaping, skriv nestleiar Terje Breivik i Dagens Næringsliv idag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Faksimile av DN

Faksimile av DN
Foto: Venstre

– Diverre gjer ikkje regjeringa nokon ting i statsbudsjettforslaget 2013 for å få større effekt av innsatsen, skriv Breivik.

Frå topp tre til midt på treet
Tradisjonelt har Norge vert eit av landa i den rike delen av verda som har scora høgst på innovasjon og gründerskap. Nye tal viser likevel ei urovekkande utvikling:

– Me tapar terreng på statistikken over kor mange som prøver å starte ny verksemd kvart år. Forskingssamarbeidet Global Entrepreneurship Monitor dokumenterar at Norge på få år har gått frå topp tre til midt på treet, med ein klar fallande tendens, skriv Breivik.

Verdiskaping i dag — velferd i morgon
Å satse på verdiskaping i dag, er å investere i framtidig velferd. Norge treng difor ein næringspolitikk som i langt større grad stimulerar og sikrar nyskaping, og som legg tilhøva betre til rette for gründerar og vekstselskap i heile landet.

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

– Gründerar, næringsdrivande, investorar, og forretningsenglar, personar som tek risiko og sjansar for å skapa verdiar fellesskapet nyt godt av. Fantastiske menneske me treng fleire av for å sikre innovasjon i verdsklassen og velferd i morgon, avsluttar Breivik.

Les heile innlegget i dagens papirutgåva av DN eller på liberal.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**