Nominasjon til Stortingsvalet

Skodje Venstre har lansert Kari Grindvik som kandidat til Stortingsvalet i 2013 og overfor nominasjonsnemnda rangert henne som 3. kandidat, etter Pål Farstad og Britt Giske Andersen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


På medlemsmøtet 17.september gjorde møtet vedtak om å lansere Kari Grindvik som kandidat.
Det blei då også på oppmoding frå nominasjonsnemnda i fylket foreteke rangering av dei 3 første kandidatane.

Kari Grindvik har i mange år vore med i lokalpolitikken i Skodje gjennom verv i diverse utval. Ved siste kommunevalet var ho SKodje Venstre sin 1.kandidat og sit no i sin første periode i kommunestyret. Ved konstitueringa vart ho vald til varaordførar og er då medlem av formannskapet. I tillegg er ho medlem av det faste planutvalet i kommunen.

Det er vel ikkje å ta for hardt i å seie at ho også er den samlande krafta i Skodje Venste, gjennom rolla som styreleiar. Ho har samanhangande vore med i styret sidan 1995.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**