Kva kan vi bruke Prestegarden til?

Skodje Venstre har lagt fram forslag til korleis Prestegardstunet og området ned mot sjøen kan nyttast – det er gjennom aktiv bruk at bygga kan bevarast for ettertida. Difor er vi glad for at Skodje Sogelag tek utfordringa frå Skodje Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Skodje Venstre meinar at det hastar med å verne noko av det opprinnelege miljøet i sentrum, før alle bøar er gjenbygde og særpreget forsvinn. I programmet for denne valperioden har vi allereie kome med framlegg om at Prestegarden kan verte bygdetun.

Vi ser med glede at nokre av husa i privat eige vert tekne vare på og sett i stand. Den kommunale eigedomen på Prestegarden står det dårlegare til med. Prestegardshuset er eit av dei eldste bustadhusa i sentrum og treng ei vernande hand for at ettertida skal kunne ha glede av området. Det beste vernet er å utvikle eldre miljø, levandegjere dei med aktiv bruk og evt. opne for forretningsdrift.

Sogelaget (eller evtuelt andre interesseorganisasjonar) kan vere ein aktuell medaktør for å ta vare på bygningane som bygdetun. Dersom dei er interessert i det ser Skodje Venstre det som ei god løysing at Sogelaget tek over bygningane på Prestegarden.

Skodje Venstre har også nokre tankar for korleis heile området frå Prestegarden og ned til sjøen kan utviklast.

Hus:

Hovudhuset- istandsett som prestegardshus- med funksjonelt kjøkken
Huset må gjennom istandsetjinga kunne vise historia si, og samstundes kunne opne for ny bruk.

Kanskje kan det her vere : Sommarkafe og sal av kortreist mat?

Stabbur — restaurere og vise kva eit stabbur er

Løa — istandsett — smådyr — anna dyrehald aktuelt?
eventuelt andre aktivitetar?
Kulturløe — utstilling- mekkeverkstad- musikk"binge"

Hagen — tradisjonell hage med rosebusker og tre — plass til å site ute under trekrunene

Lenger nede — mot sjøen: Parkliknande anlegg

Leikeapparat og minigolf kan vere aktuelle aktivitetar nært tunet.

Utescene — med naturleg amfi frå hagen og ned.

Ved sjøen: stor "grillhytte" – tak over ein platting med bord og benker med grill – tilgong til vatn og sanitæranlegg

Strandvolleyballbane?

Naust — i dagens naust er det nye behov — det hadde vore fint å bevare eit naust med innhald slik det var før- like vel slik at det kan nyttast.

Bålplass: 23.juni og 29. juli – vi treng ein større samlingsplass for å markere dei tradisjonelle brisingdagane som jonsok og olsok er.

For å binde saman strandsona langs nordsida av Skodjevika, og med folkehelseperspektiv, ville ein strandpromenade(miljøveg) frå Pumpestasjonen ved Lovollvegen ( evt.Wilhelm-kaia) og til Murvika vere ideell. Utan gatelys og asfalt, men med universell utforming.

Skodje 31.08.2012

Skodje Venstre

Kari Grindvik
leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**