Pensjonistpartiet ville ha dyrare idrettshall i Myra

John Tellmann Tjuslia i Pensjonistpartiet meiner idretten får altfor mykje (Agderposten 5. oktober 2012). Det kan vere klokt også for idretten å vise moderasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Men historia han skriv om idrettsanlegget SørAmfi i Myra og Pensjonistpartiets John Tellmann Tjuslia og Odd Longum er ikkje heilt korrekt.
Episode 1: Odd Longum har hatt interpellasjon i bystyret der han var indignert og djupt skuffa over at det ikkje var plass til friidrettsanlegg (løpebaner med meir) i hallen. Fleirtalet stemte mot, fordi det truleg ville fordyre hallen med 5-6 millionar kroner. Men litt merkeleg å ha innandørs løpebanar i eit bygg som ikkje skulle byggast?
Episode 2: John Tellmann Tjuslia stemte for Venstres forslag om å bruke 1% av byggesummen til kunst. Dessverre tapte Venstre denne saka, men vi er veldig glade for støtta frå Tjuslia. Men litt merkeleg å ha kunst i eit bygg som ikkje skulle byggast?
Episode 3: Og så, midt i det heile, overraska Pensjonistpartiet i budsjettdebatten med plutseleg å stemme mot heile den hallen dei både ville ha friidrettsanlegg og meir kunst i!
Episode 4: Interpellasjon frå Odd Longum der han forlangte at det måtte kome rygglener på benkene i storhallen, så folk kunne sitte skikkeleg. Det ville gjere hallen noen hundretusener dyrare. For ordens skuld: Kravet frå Odd Longum kom ETTER at han og John Tellmann Tjuslia hadde stemt for at Sør Amfi ikkje skulle byggast .
Dokumentasjon for dette innlegget er protokollane i Arendal bystyre. Alle dei nemnte forslaga og innlegga kan folk også sjå på videooverføringa frå kvart enkelt møte.
Nå blir oppgåva å finne den best moglege balansen både for unge og gamle, friske og sjuke.

Jan Kløvstad
Bystyremedlem i Arendal for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**