Bygland – og Venstre – heidrar Lars Liestøl

Laurdag 6. oktober er det stor minnemarkering for Lars Liestøl (1839-1912) i Bygland kyrkje og Ose grendehus. Bygland kommune og Setesdalsmuseet er arrangørar, og Venstre er særs takksame for dette arrangementet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Lars Liestøl

Foto: Lånt av Setesdalsmuseet

I Bygland kyrkje er det gudsteneste etter den fyrste nynorske liturgien, og det er Gunvor og Aasulv Lande som står for dette. Ordførar Leiv Rygg talar ved minnestøtta/grava, og Venstres kommunestyremedlem Torhild Austad legg ned blomar på vegner av kommunen.

I Ose Grendehus (frå kl 1300) er det velkomst ved ordføraren, helsingar, utstilling om Lars Liestøl og god mat. Fylkessekretær Jan Kløvstad helser frå Venstre.

Odd Inge Uleberg, journalist i Fæfdrelandsvennen, har hovudtalen om Lars Liestøl. Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid spelar og Jon K. Rysstad og Marit Bergland Austad, Bjørgulv O. Rysstad, Elbjørg Trydal Rysstad og Knut Arne Rysstad dansar. Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet fortel om Frøysnes som kultursenter og viser vidoen «Eit anna Setesdal».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**