Invitasjon til organisasjonsopplæring – Venstreskulen trinn 2

Etter nominasjonsmøtet 3. november arrangerar Hordaland Venstre endeleg Venstreskulen trinn 2. Dette er eit kurs for medlemmer som har hatt trinn 1 og gir deg ei djupare innføring i Venstres politiske rolle, og i tema som møteleiing, presse- og mediearbeid og tale- og debatteknikk. Kursleiar er Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Velkommen til Venstreskulen trinn 2!

Kurset vert halde på Hotell Scandic Bergen Airport laurdag 3. og sundag 4. november.

Her er program for kurset:

Laurdag 3. november

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

16:00 Velkomen til Venstre-skulen trinn 2.

16:10 Rolla til Venstre og viktigaste saker.

17:30 Pause

17:45 Folkevald for Venstre.

18:15 Møteleiing

18:30 Oppgåveløysing praktisk møteleiing.

19:30 Slutt dag 1.

20:00 Middag.

Sundag 4. november

09:00 Presse- og mediearbeid.

09:45 Oppgåveløysing og praktisk trening.

11:00 Pause/utsjekk.

11:15 Tale- og debatteknikk.

talerstol

Foto: sxc.hu

11:45 Oppgåveløysing og praktisk trening.

12:15 Lunsj

12:45 Oppgåveløysing og praktisk trening held fram

14:00 Slutt

Påmelding og spørsmål rettast til fylkessekretær Gro Gjelsvik

Mange nytter gjerne høvet til å få med seg både nominasjonsmøtet og Venstreskulen trinn 2 denne helga.
Prisen for opphaldet heile helga vert på 1745, – om ein overnatter i enkeltrom.
Utsendingar til nominasjonsmøtet kan søkja om reisedekning.

Priseksempel for berre Venstreskulen:
Middag laurdag for ikkje-buande: 345, –
Dagpakke sundag som inkluderer møterom, kaffe/te/snacks/frukt og lunsj – 470 kr

Velkommen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**