Gunhild Berge Stang (1974) er busett i Stongfjorden i Askvoll kommune. Ho er gift og har tre små barn. Ho er arkeolog av utdanning, tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Hjartesaker:
skule- og utdanningspolitikk, kultur, næring og distriktspolitikk.
Røynsle:
Sit i styret i Sogn og Fjordane Venstre og i Askvoll Venstre. Var kommunestyrerepresentant i 4 år. Tidlegare vore med i ressursgruppe på kultur og utdanning for stortingsgruppa til Venstre. Har lang røynsle frå organisatorisk arbeid, med verv i større institusjonar/organisasjonar, både nasjonalt og regionalt. Mellom anna tidlegare leiar i Noregs Ungdomslag nasjonalt i 4 år. Kjenner Sogn og Fjordane godt, og har markert seg i media i ulike saker, også på nasjonalt nivå. Gunhild er dyktig og kunnskapsrik og er ein svært god kadidat til Stortingsvallista for Sogn og Fjordane Venstre.