Førstekandidat Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn frå Eid (25) vart onsdag vald til førstekandidat til Sogn og Fjordane Venstre si Stortingsvalliste. Vi gratulerer Rotevatn og ser fram til godt samarbeid i arbeidet fram mot valet i 2013. Vi har fått ein dyktig og engasjert mann som brenn for politikk, Venstre og for heile fylket vårt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Gratulerer Sveinung Rotevatn som toppkandidat

Gratulerer Sveinung Rotevatn som toppkandidat
Foto: Sogn og Fjordane Venstre

KANDIDATPRESENTASJON

Namn: Sveinung Rotevatn

Lokallag: Eid Venstre
Fødd: 1987
E-post: [email protected]
Telefon: 951 46 487
Blogg: http://sveinung.uv.no
Twitter: @Rotevatn

Folkevalde verv:

Medlem, Eid kommunestyre (2011-)

Verv i Venstre (i utval):
Leiar, Norges Unge Venstre (2010-)
Medlem, Venstres stortingsprogramkomité (2011-)
Medlem, Venstres valkomité (2011-2012)
Styremedlem, Sogn og Fjordane Venstre (2009-2011)
Valkampsekretær, Sogn og Fjordane Venstre (2009)

Utdanning:
Masterstudiet i rettsvitskap, Universitetet i Bergen (2007-)

Andre noverande verv:
Styremedlem, Noregs Mållag
Styremedlem, Venstres opplysnings- og studieforbund

Kvifor stiller eg til val?
Eg stiller til val fordi eg er engasjert. Eg brenn for politikk, eg brenn for Sogn og Fjordane og eg brenn for Noregs eldste parti. Heilt sidan eg melde meg inn i partiet i 2007 har eg stilt meg til disposisjon for å gjere ein innsats, både lokalt og nasjonalt.

I to år har eg jobba som leiar i Norges Unge Venstre. Det har gjeve meg solid kjennskap til korleis Venstre fungerer som parti, solid kjennskap til det politiske miljøet i hovudstaden og stort rom for å påverke Venstres politikk. Sidan eg overtok som leiar har Unge Venstre vekse frå 800 betalande medlemmar (2009) til 1652 betalande medlemmar (2011), og har blitt eit av dei mest aktive og synlege ungdomspartia.

Venstre har dei beste løysingane for å byggje eit samfunn der vi gjer meir fridom til den enkelte, samstundes som vi tek vare på kvarandre og miljøet. Våre løysingar for å byggje ut infrastruktur, gje fridom for gründarar og for å satse på kunnskap i skulen er dei beste for landet — og dei beste for Sogn og Fjordane.

Eg stiller meg til disposisjon for Sogn og Fjordane Venstre, og vil gjerne jobbe for å vinne tilbake vår rettmessige plass på stortingsbenken. Fylket vårt treng synlege og meiningssterke nasjonale politikarar som kan vinne fram både i den nasjonale debatten og i eige parti. Eg håpar eg kan få høve til å fylle den rolla.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**