Nominasjonskomiteens innstilling til Stortingsvalslista

Pressemelding frå Hordaland Venstre samt nominasjonskomiteens innstilling til stortingsvallista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Nestleiar og innstilt førstekandidat, Terje Breivik. Her frå prøvenominasjonsmøtet på Stord i vår.

Nestleiar og innstilt førstekandidat, Terje Breivik. Her frå prøvenominasjonsmøtet på Stord i vår.
Foto: Geir Angeltveit

Nestleiar Terje Breivik toppkandidat for Venstre

– Nettsak frå Bergens Tidende.

Nominasjonsnemnda i Hordaland Venstre har samrøystes innstilt Terje Breivik (47), Ulvik, som 1. kandidat til Stortingsvalet neste år. Breivik er i dag nestleiar i Venstre, har tidligare vore tilsett som generalsekretær i Venstre og vore ordførar i Ulvik.

– Med Terje Breivik får Venstre ein toppkandidat som verkeleg brenn for verdiskaping og distriktsutvikling, og som kjenner fylket godt, seier leiar i nominasjonsnemnda Ingebjørg Winjum.

– Å vera innstilt til eit så viktig verv, kjennest både ansvarsfullt og svært spennande. Ender eg opp som kandidat, vil næringsutvikling og samferdsle vera viktige saker, seier Terje Breivik.

– Tilgang på risikokapital for gründarar og forskingsinstitusjonane våre, ein moderne industripolitikk, og ikkje minst, sikra at Hordaland og Bergen vert sentrum for det neste industrieventyret i Noreg, fornybar energi, vil vera viktige kampsaker. På samferdslesida vil særleg Bergensbana, Bybanen, Sotrasambandet og E39 stå høgt på agendaen, seier Breivik.

På 2. og 3. plass finn vi Åsta Årøen (39), Bergen, og Synnøve Handeland (44), Kvinnherad

– Åsta Årøen og Synnøve Handeland vil utfylla toppen i lista, med tungt engasjement og kunnskap på viktige saksområde som kunnskap, velferd og frivillige organisasjonar sine arbeidsvilkår, seier Winjum.

På andreplassen er det dissens på Erlend Horn (25), Bergen. Mindretalet har valt å følgja tilrådinga frå Bergen V, og ser på Horn som ein kandidat som vil utfylla Terje Breivik på ein god måte.

stortingsvalslista

Foto: nn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**