Gunnarson minna om kommunestyrevedtaket i sak 86/11 (Budsjettet), der det m.a blei samrøystes vedtatt:
Kommunestyret ber om:
4. Snarleg framlegging av sak om organisering av høgare utdanning i Voss.
(Kommunestyret minner om at kommunestyret 16.12.10 ved budsjettet for 2011
vedtok dette, og at det i notat til FPL 08.06. blei sagt at notat skulle koma i august.)
Minner og om målsetjing i kommuneplanen om å «Utvikle høgskule- og universitetstilbod som er tilpassa regionen og næringslivet sin trong for kompetanse.»
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb vart svar skuldig, og sa i følge avisa «Hordaland» sitt referat pr. torsdag 27. september: – Her er lite nytt å fortelja. Så eg blir nok svar skuldig. Ordføraren minna om at det i samband med næringshagen, som er i etableringsfasen, planar om å skapa høgskuleutdanning på ingeniør-nivå.
Venstre meiner det er viktig å jobba for å styrka kunnskapsprofilen til kommunen vår generelt, og at me lyt styrka høgskule- og universitetsnivået spesielt. Ei styrking her vil utelukkande vera bra for Voss, men òg for nabokommunane som slik sett vil få endå ein fordel med å ha Voss som eit nært og sterkt regionsenter.